8. desember 2025

Radiohead (Royal Arena, København, 5.12.2025)

I 1992 høyrde eg mykje på radio. Det året gav Radiohead ut den fyrste singelen sin, "Creep". Songen irriterte meg, mest av alt. Tre år seinare såg eg R.E.M. i Oslo Spektrum. Radiohead var oppvarmingsband, men sidan heller ikkje dei to eg gjekk saman med var imponerte over "Creep", droppa me like godt oppvarmingsbandet. Eit par år seinare kjøpte eg OK Computer, deretter The Bends, og det gjekk opp for meg at det var ei kjempeblemme å ikkje få dei med seg. Begge dei to nemnde platene er framleis mellom dei platene eg set aller høgast. Og mykje av det dei har gitt ut seinare er òg råbra. Eg har stundom tenkt på at av alle banda eg ikkje har sett, men som framleis eksisterer, er Radiohead det bandet eg helst vil sjå.

Så då dei tidlegare i haust gjorde det kjent at dei skulle ut på turné for fyrste gong på sju år, med fire konsertar i fem europeiske byar, var det berre éin ting å gjera. Eg hadde flaks og fekk billett til ein av konsertane i København, og til alt hell valde eg fredagskonserten. Konsertane måndag og tysdag vart utsette, men denne gjekk etter planen. Og det passa jo godt å sjå dei på ein fredag. Eller On A Friday, for dei som er dårlege på halvgode referansar.

Det var ein fabelaktig konsert. Dei er eit fantastisk band, utan veike punkt. På denne turneen er dei forsterka med ein ekstra trommeslagar, og det einaste som kanskje kunne vore endra på konserten var noko meir trykk frå trommene. Lyden var elles finfin.

Scena deira stod midt i ein svær idrettshall, med publikum på alle sider. Bortsett frå dei to trommeslagarane stod dei andre fritt til å flytta seg rundt på scena, slik at alle fekk sitt. Rundt scena hang det videoskjermar ned frå taket - tidleg i konserten var dei senka så langt ned at me berre skimta musikarane bak skjermane, men etter kvart vart dei heiste opp. På skjermane vart det vist nærbilete av dei på scena.

Det var altså fabelaktig. Dei spelte songar frå alle platene sine, med unntak av debuten. Det er stor variasjon i songane - nokre er raske og intense, andre er langt rolegare. Etter den energiske "Myxomatosis" gjekk dei rett over i den rolege "No Surprises", og jubelbrølet som møtte opningsnotane på den songane gløymer eg neppe. Ein liknande ulik kombo opna dei sju ekstranummera - "Let Down" og "Weird Fishes/Arpeggi". 

For ein flott konsert. Dei seier at dei ikkje har hatt det moro på denne turneen, men dei har samstundes ingen konkrete planar om å gjera noko saman når turneen er over. Men viss dei gjer det, er eg klar igjen.

Guffen tilrår. 

Meir Radiohead på kulturguffebloggen
Meeting People Is Easy (1998)
Dai Griffiths: OK Computer (2004)
John Aizlewood: Radiohead. Life In A Glasshouse (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar