14. april 2011

Agnes Ravatn: Folkelesnad (2011)

Dag og Tid er ei solid avis. Ei av styrkane deira er, slik eg har nemnt før, at dei får nokre av dei beste skribentane i landet til å skriva seriar i bladet. Frilansaren Morten Strøksnes har til dømes hatt eit par svært vellukka slike så langt, mellom anna frå ei reise til USA. Også mykje av det andre stoffet i bladet er glimrande. (Så får me heller tola det paradoksale at ein serie der dei vurderer arkitekturen i tettstader og byer har ein ekstremt rotete layout.)

Agnes Ravatn er fast tilsett i avisa, og har hatt fleire gode seriar så langt. Artiklane frå den fyrste, der ho oppsøkte stader der ingenting skjer, vart samla i boka Stillstand, og i denne boka kjem lett oppdaterte versjonar av artiklane frå ein serie om norske velstand. Det var stas å lesa dei då dei stod i avisa, det er like stas no.

Ho tek for seg fjorten ulike grupper med vekeblad, og er stort sett misnøgd med det ho les. Her er mykje lystig klaging, i føreordet omtalar ho dei tilsette i vekeblada som "idiotar"; i ein artikkel om treningsblad skriv ho at gler seg "over at livet trass i alt er ganske kort, det er nesten så eg ikkje kan vente til det er ferdig". Artiklane er skrivne med eit stort språkleg overskot, og eg ler og humrar heile vegen. Det er ikkje berre det Ravatn skriv som får meg på låtten, også mykje av utdraga ho hentar frå vekeblada får meg til å le, om enn på ein litt annan måte. Ein vekebladskeptikar som meg får ikkje akkurat lyst til å endra lesevanane mine - eg les gjerne meir av Ravatn, men står gjerne over vekeblada.

Det er uråd å ikkje ta med nokre blinkskot. Om interiørtipsa i dei traustaste vekeblada skriv ho: "Hjemmet satsar òg på pledd som den endelege løysinga på interiørproblemet: Dersom du til dømes har ein stige ståande midt i stova, eller noko anna skrot, kan du enkelt og greitt hengje eit pledd over stigen. Vips er problemet borte." I babyblada saknar ho "andre typar stoff, til dømes 'Kva gjer du dersom det viser seg at ungen din er teit?'". Når det nye bladet Mönster omtalar seg sjølv som "nytt magasin for bevisste kvinner", meiner Ravatn at det fyller eit hol i bladhylla - blad for ubevisste kvinner er det meir enn nok av. Om interiørblada, som kanskje er den sjangeren Ravatn likar aller minst, skriv ho "Ting, ting, ting? Er det meininga at folk faktisk skal kjøpe dette? Meiner Bolig-Drøm at eg bør bruke 480 kroner på eit litermål?" Ho omtalar borddekorering som det "mest perverse grunntrekket ved vår sivilisasjon", det er omtrent like gale som scrapbooking.

Ho sparkar av og til nedover, og er klar over det sjølv. Ho finn ut at ho skal prøva nokre av oppskriftene ho finn i matblad, og har vore på handletur på ICA. "I kassa betraktar eg varene mine på samlebandet med ei hoverande mine: asparges, chévre, bjørnebær, mynte, spekeskinke, fiken ... For ein fantastisk person eg må vere, tenkjer eg, medan jenta bak meg kjøper ein pose pommes frites og ein lovbiff. 'Jaså, du er kanskje ikkje kulturpersonlegdom, du?' klukkler eg inni meg og startar på heimvegen. Kor forbløffande lite som skal til for kjenne seg vellykka!"

Kor forbløffande lite Ravatn som skal til for å gje oss ei vellukka leseoppleving.

Guffen tilrår.

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)

Meir Dag og Tid på kulturguffebloggen
Nils Rune Langeland: Noreg (2008)

Morten A. Strøksnes: Rett vest (2009)
Asbjørn Aarnes: Troll i ord (2009)
Erling Lægreid: Nærgåande skisser (2011)
Erling Lægreid: Fleire nærgåande skisser (2012)

Morten A. Strøksnes: Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar