3. januar 2022

Cormac McCarthy: Suttree (1979)

Eg les meg gjennom bibliografien til McCarthy. Stort sett er det stas, men der er eg nokre bomskot. Denne boka høyrer til i den siste kategorien. McCarthy skriv vakkert og godt, men ikkje godt nok til å berga denne boka.

Hovudpersonen, Cornelius Suttree, bur (vanlegvis) på ein husbåt i Tennessee. Han har ikkje fast arbeid, men tener litt pengar på fisking, og litt på anna vis. Dei han møter er som regel arbeidslause. Det er litt kriminalitet, det er ein del drikking. Nokre har store planar for korleis dei skal tena litt pengar, men det vert som regel med planane. 

Romanen er eit slags portrett av liva til Suttree og dei andre. Her er ikkje noko gjennomgåande handling; dei fleste kapitla fortel om lause hendingar. Boka kan såleis minna litt om Tortilla Row av Steinbeck, men her er to skilnader: I denne boka er det ikkje så mykje å smila av, og denne boka dreg det heile altfor, altfor langt ut. 

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
 (film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar