23. mai 2015

Breaking Bad, sesong 2 (2009)

Ein glimrande sesong, med ein av dei mest glitrande cliffhangerane eg har sett. Walter White er kjemilærar. Han har fått lungekreft, og har, i følgje dokteren, små sjansar til å stå det over. For å sikra framtida til familien, og for å betala for cellegiftkuren, lagar han metamfetamin, i eit slags partnerskap med ein tidlegare elev, Jesse Pinkman. Butikken går så det susar, heilt til ein av seljarane deira vert skoten. Dei har store mengder stoff på lageret, og veit ikkje korleis dei skal få selt det. Heilt til den ikkje heilt stovereine advokaten Saul Goodman seier at han har ein kontakt. White kjem i kontakt med han, og får beskjed om å levera alt stoffet på ein truckstop. Om éin time.

Dei neste minutta er glitrande. Stoffet er lagra hjå Pinkman, som har valt denne dagen til å prøva heroin for fyrste gong, saman med den ikkje altfor stabile husverten sin, ei ung jente. Alt White får ut av han er kvar stoffet er gøymt, og me kan føla hastverket hans når han skal pakka dette, og nå avtalen på truckstopen. Og så ringjer den høggravide kona hans. Han ignorerer oppringinga, men så kjem det ei tekstmelding der ho skriv at fødselen er i gang. White vert heilt sett ut, sjølvsagt - kva skal han gjera? Gå glipp av fødselen? Eller gå glipp av ein narkohandel som kan gje han pengane han treng for å gjennomføra ein nødvendig operasjon?

Forholdet mellom White og Pinkman, og mellom White og kona, er begge sentrale i serien. White er på lag med begge to, men er det samstundes ikkje. Han greier ikkje ta Pinkman heilt på alvor, han irriterer seg over narkobruken hans, og han irriterer seg meir over at Pinkman ikkje kan halda tett. Kona til White veit sjølvsagt ikkje noko om korleis han finansierer behandlinga si. Men ho anar at det er uglar i mosen, og til slutt får ho nok av alle løgnene hans.

Det er altså ein fengande serie. Og her er ei rekkje gode bipersonar - sonen til White er lettare handikappa; svigerbroren jobbar i narkotikapolitiet, til dømes. Og far til husverten/kjærasten til Pinkman jobbar som flygeleiar - sesongen sluttar med eit godt eksempel på kva som kan skje når flygeleiarar har tankane andre stader enn i jobben sin.

Guffen tilrår.

Meir Breaking Bad på kulturguffebloggen
Sesong 1, 2008
Sesong 3, 2010
Sesong 4, 2011
Sesong 5, 2012-13

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar