Viser innlegg med etiketten Allen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Allen. Vis alle innlegg

22. oktober 2022

Woody Allen: Apropos of Nothing (2020)

Eg har sett ein del av filmane til Woody Allen, og som regel har eg likt dei. Nokre er djupe og innsiktsfulle, andre pilkar mest på overflata. Ein fellesnemnar er likevel som regel at det er noko å smila eller le av i filmane. Det er difor litt overraskande at denne boka ikkje er så morosam. Han prøver, rett nok, men spesielt løye er det ikkje. Kanskje det hadde vore betre om han (eller andre) hadde framført teksten munnleg?

Den fyrste delen av boka er den beste. Han fortel om oppveksten, der han på nyfikent vis gjer seg kjent med byen New York. Det som fengar mest er filmsalar, men det er ikkje alt. Han les mykje, og finn ut at han skal senda inn korte vitsar til aviser. Det slår an, han får fleire slike oppdrag, og resten er soge, som det heiter.

Etter at han vert filmskapar endrar mykje seg. Boka vert tidvis oppramsande, der han for kvar ny film fortel kvar filmen vart spelt inn og kven som var med. Han skildrar korleis det var å samarbeida med dei ulike skodespelarane og filmfolka, og det vert for keisamt. Her framstiller han det oftast slik at alle andre er gode og profesjonelle, medan han sjølv er usikker og avhengig av hjelp frå andre. Det er greitt og fint; litt mindre greitt er det at så godt som alle kvinnene vert omtalte som beautiful, fleire får òg adjektivet sexy hengt på seg. Han nemner òg at dei er flinke og kloke og slikt, men det er rart at han er så opphengt i korleis alle ser ut.

Den store elefanten i denne boka er sjølvsagt skuldingane om at han skal ha forgripe seg på adoptivdottera. Han nektar sjølvsagt for alt dette, noko anna er ikkje å venta. Kortversjonen er at han var kjærast med Mia Farrow, som hadde adoptert fleire born. Farrow og Allen budde aldri saman, og han skriv at forholdet deira skranta då han vart saman med ei anna av adoptivdøtrene til Farrow, 21 år gamle Soon-Yi Previn. Farrow oppdaga dette då ho fann nokre nakenbilete av Soon-Yi heime hjå Allen. Åtte månader seinare skal Allen altså ha forgripe seg på den sju år gamle Dylan. I boka framstiller han dette som ein rein hemnaksjon frå Farrow. Ho får passet sitt påskrive her, han meiner at ho har manipulert fleire av ungane sine til å spreia drit om Allen, han meiner ho er valdeleg, at ho lyg, osb. Heile denne episoden får stor plass, litt for stor plass. Allen vart frikjent i 1993, men saka har kome opp att fleire gonger, både frå Farrow og frå Ronan Farrow, sonen Farrow og Allen fekk saman. 

Guffen er lunken.

Meir Allen på kulturguffebloggen
Annie Hall (1977)
Manhattan (1979)
Hannah and Her Sisters (1986)
Manhattan Murder Mystery (1993)

Whatever Works (2009)
Woody Allen. Manhattan, Movies and Me (dokumentar, 2012)

22. juni 2019

Manhattan Murder Mystery (1993)

Woody Allen har laga mange gode filmar. Denne er kanskje ikkje heilt på topp, men filmen er heilt grei.

Her er mange kjende vriar. Hovudpersonane er kreative sjeler, dei bur på Manhatten, dei har det greitt økonomisk, og dei snakkar og snakkar. I denne filmen spelar Allen og Diane Keaton eit ektepar som tilfeldigvis vert kjend med eit par i ein naboleilegheit. Dagen etter døyr nabokona. Dei møter mannen hennar nokre dagar etterpå, og han oppfører seg så normalt at Keaton vert overtydd om at det er han som har drepe henne. Ho snik seg inn i husveret hans, ho spionerer på han, og hevdar at det er fleire og fleire ugler i mosen.

Det er jamt over ein triveleg film. Humoren er som vanleg mest verbal, og her kjem nokre fine godbitar. Når Allen prøver seg på meir slapstick-humor er det mindre vellukka - to gonger er han med Keaton inn på rom der noko kan ha skjedd, og begge gongene veltar han så mange ting at det berre er pinleg.

Guffen tilrår.

Meir Allen på kulturguffebloggen
Annie Hall (1977)
Manhattan (1979)
Hannah and Her Sisters (1986)
Whatever Works (2009)
Woody Allen. Manhattan, Movies and Me (dokumentar, 2012)
Apropos of Nothing (bok, 2020)

24. januar 2016

Annie Hall (1977)

Eg var åleinefar denne helga. Både fredag og laurdag kveld var eg innom Netflix for å sjå om der var noko freistande, og begge kveldane enda eg opp med å sjå filmar eg hadde sett før.

Denne er det lenge sidan eg har sett, kanskje heilt tilbake til 80-åra. Det var gjennombrotsfilmen til Woody Allen, og det er vel fortent. Filmen handlar om komikaren Alvy Singer, som tenkjer tilbake på forholdet han hadde til Annie Hall, ei litt vimsete dame. Dei er litt av og på, og går helst godt overeins, men på flyet heim etter ein tur til California vert dei samde om å skilja lag. Heim er, sjølvsagt, New York.

Filmen handlar om Alvy og Annie, men handlar like mykje om menn og damer generelt. Mange av samtalane handlar om kva dei to ventar seg av den andre. Både i desse og andre samtalar er det sjølvsagt mykje god humor, og her er mykje å le av.

Guffen tilrår.

Meir Allen på kulturguffebloggen
Manhattan (1979)
Hannah and Her Sisters (1986)
Manhattan Murder Mystery (1993)

Whatever Works (2009)
Woody Allen. Manhattan, Movies and Me (dokumentar, 2012)
Apropos of Nothing (bok, 2020)

24. juli 2015

Whatever Works (2009)

Skal me sjå. Filmen er regissert og skriven av Woody Allen, og her er mykje av det ein reknar med å finna i ein Allen-film. Handlinga lagt til New York. Ein Marx Brothers-referanse. Gode vitsar. Dårlege vitsar. Kunstutstilling. Eldre mannleg hovudperson med ung kvinneleg kjærast. Allen sjølv i hovudrolla ... vent litt. Han spelar jo ikkje i filmen i det heile. Men vikaren hans er ikkje kven som helst - Larry David. Han er nokre år yngre enn Allen, men er gamal nok til å ta over.

Han spelar Boris Yelnikoff. Han er skilt, og er på veg heim då den heimlause jenta Melodie St. Ann Celestine. Ho bed om litt mat, og vert invitert inn i to minutt. Ho vert der i månadsvis, etter kvart vert dei gifte, men det varer ikkje så lenge. Ho finn seg ein yngre kjærast, men før me kjem så langt har mor hennar kome til New York for å finna ho; seinare kjem far hennar òg. Mora vert ein litt for utagerande kunstnar; faren oppdagar at han er homo.

Mykje ligg altså til rette for artige situasjonar, men det vert aldri meir enn triveleg. Her er mange gode replikkar, men det er ein Allen-film på det jamne, dette.

Guffen er lunken.

Meir Allen på kulturguffebloggen
Annie Hall (1977)
Manhattan (1979)
Hannah and Her Sisters (1986)
Manhattan Murder Mystery (1993)

Woody Allen. Manhattan, Movies and Me (dokumentar, 2012)
Apropos of Nothing (bok, 2020)

18. august 2013

Hannah and Her Sisters (1986)

Filmen vert innramma av to thanksgiving-middagar, som vert haldne med to års mellomrom. Me får høyra litt om ting som har hendt før den fyrste middagen, men mest om det som skjer desse to åra. Sentralt står dei tre systrene Hannah, Lee og Holly, og mennene rundt Hannah. Den noverande ektemannen hennar har eit forhold til Lee, medan eks-mannen hennar møter og gifter seg med Holly.

Som i mange av filmane til Woody Allen er dialogane minst like viktige som handlinga. Også denne filmen handlar om New York, og me får sett mykje av denne byen då Lee og ei veninne er på sightseeing med ein arkitekt som viser dei favorittbygningane sine. Det er vel òg relativt vanleg i Allen-filmar at karakterane hans bur i store leilegheitar, fulle av bøker. Dei er i det heile svært kulturinteresserte, dei har og les mykje bøker, dei går i operaen, her møter me ein kunstnar, ein lovande amatørskodespelar, ein arkitekt, ein som er stor diktentusiast, og så bortetter.

Woody Allen spelar ein sånn mann han gjerne spelar - ein usikker hypokonder som er langt meir sjølvoppteken enn han vil vedgå. Nokre av dei beste scenene i filmen er når han går frå dokter til dokter, stadig meir overtydd om at han berre har nokre dagar att. Men heile filmen er ein fryd, og eg tenkjer igjen at eg må sjå fleire av filmane hans. Her er det jo òg gledeleg at han legg inn ein Marx Brothers-referanse - når han er så langt nede at han vurderer sjølvmord, går han på kino, ser Duck Soup, og innser at livet verkeleg er verdt å leva. Og i den same løypa er det stas å sjå att Maureen O'Sullivan frå A Day at the Races. Og det er rart å sjå John Turturro i ei veldig tidleg rolle.

Guffen tilrår.

Meir Allen på kulturguffebloggen
Annie Hall (1977)
Manhattan (1979)
Manhattan Murder Mystery (1993)
Whatever Works (2009)
Woody Allen. Manhattan, Movies and Me (dokumentar, 2012)
Apropos of Nothing (bok, 2020)

5. mars 2013

Woody Allen. Manhattan, Movies & Me (2012)

Eg har sans for Woody Allen. Han er grunnleggjande morosam, men kan godt kombinera dette med filmar som tek opp store og viktige spørsmål. Eg anar ikkje kor mange filmar han har laga, og heller ikkje kor mange av dei eg har sett, men etter denne dokumentaren får eg lyst til å sjå meir Allen.

Allen vaks opp i Brooklyn. Alt i tenåra sende han inn vitsar til aviser, og 16 år gamal skal han ha tent meir enn foreldra. Han levde (litt motviljug) som standup-komikar nokre år, før han kom inn i filmverda. Han var misnøgd med korleis det fyrste manuset hans vart endra av regissøren, så frå film nummer to hadde han full kontroll.

Han laga filmar for å få folk til å le, men Annie Hall i 1976 endra dette. Det var framleis nok å le av, men filmen hadde ei betre og meir gjennomarbeidd historie. Frå no av vart filmane hans meir menneskelege, og tok altså opp store tema som livet og døden og religion og mykje meir. Det meste av det han har laga er prega av Allen sjølv - ein litt redd romantikar med god sans for humor.

I filmen fortel ei rekkje personar om korleis Allen er, om korleis han arbeider, om korleis det er å arbeida med/for han, og om kva som kjenneteiknar filmane hans. Her er ei rekkje klipp frå filmane hans; dei mest interessante klippa var likevel frå fjernsynsshow, og frå den tidlege karriera som standup-komikar. Det er ein flott film, og det gjer sjølvsagt ingenting at han er produsert av Whyaduck Productions.

Guffen tilrår.

Meir Allen på kulturguffebloggen
Annie Hall (1977)
Manhattan (1979)
Hannah and Her Sisters (1986)
Manhattan Murder Mystery (1993)

Whatever Works (2009)
Apropos of Nothing (bok, 2020)

20. juli 2010

Manhattan (1979)

Av ein eller annan grunn har det vore mykje New York dei siste dagane. Dei to siste kveldane har me sett nokre gamle Seinfeld-episodar, eg er godt i gang med ei bok av Siri Hustvedt der mykje av handlinga er lagt til New York, og i kveld såg me like godt Manhattan.

Eg har sett filmen før, minst to gonger, men han er verdt eit gjensyn. Handlinga er kort og grei: Isaac (Woody Allen) har eit forhold til ei sytten år gamal jente. Den beste venen hans, Yale, fortel han at han møter ei kvinne, Mary, utan av kona hans veit det. Isaac bryt med syttenåringen, Yale bryt opp med Mary, Isaac vert saman med Mary, Mary bryt opp med han og går attende til Yale, og Isaac oppsøkjer syttenåringen, men ho er på veg til London, og vil ikkje snakka så mykje med han.

Det er ikkje handlinga som gjer denne filmen så flott. Det er minst tre andre ting: 1) Dialogen er framifrå. Fleire av personane snakkar fort og ofte. Det verkar rett, men dei gode replikkane kjem i fleng. 2) Gatebileta. Byen presser seg ikkje fram, men gradvis vert det tydeleg at dette er eit portrett av New York, og av folk som bur der. Eg har vore i New York eit par gonger, og lysta til å reisa attende vert ikkje mindre etter filmar som denne. Filmen er i svart-kvitt, slik at det vert litt nostalgisk. Andre filmar viser fram det kriminelle og farlege ved New York, her er det berre ein by der oppegåande menneske kan finna det dei treng, både av kunst og andre menneske. 3) Musikken til George Gershwin høyrest ut som om han er skriven til denne filmen.

Så det skjer ikkje så mykje, men det er ikkje så nøye. Det er ein flott film, og det gjer sjølvsagt ingenting at då Isaac ligg på sofaen og undrar seg over kva som gjer livet verdt å leva, er det fyrste han seier "Groucho Marx".

Guffen tilrår.

Meir Allen på kulturguffebloggen
Annie Hall (1977)
Hannah and Her Sisters (1986)
Manhattan Murder Mystery (1993)

Whatever Works (2009)
Woody Allen. Manhattan, Movies and Me (dokumentar, 2012)
Apropos of Nothing (bok, 2020)