Me er i den villaste delen av den ville vesten. Den største delen av boka skjer rundt 1850, før me får eitt kapittel til slutt der handlinga er lagt til tretti år seinare. Hovudpersonen, The Kid, vert med ein gjeng revolvermenn som jaktar på indianarar, under leiing av Glanton. Dei får betalt for kvar skalp dei tek med seg, og gjennom det meste av boka er dei på farten, stadig på leit etter nye indianarar dei kan skamfara. Skildringane av desse slaga er rimeleg brutale, men det kan ikkje måla seg mot skildringane av The Judge, ein av dei som sluttar seg til Glanton. The Judge er skummel, nådelaus og ein mann som alle er redde for, med god grunn. Både The Judge og The Kid overlever alle massakrane, og det som skjer tretti år seinare er at dei møtest igjen.
Javisst er det ei brutal bok, og javisst er skildringa av The Judge gjennomført ekkel, men likevel: For meg vart dette sånn midt på treet. Det er ordrikt og omfattande, og det er ikkje fritt for at det vert nokre repetisjonar i den delen av boka der dei fartar gjennom området som i dag er det sørvestlege USA og det nordlege Mexico.
Guffen er lunken.
Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road (film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar