30. mai 2026

Cormac McCarthy: The Gardener's Son (1996)

I 1975 vart McCarthy kontakta av regissøren Richard Pearce. Han hadde lese dei tre romanane McCarthy hadde gjeve ut, og spesielt den ferskaste, Child of God, hadde filmatiske kvalitetar Pearce la merke til. Dei to vart samde om at dei skulle samarbeida, og etter å ha reist litt rundt i Nord- og Sør-Carolina, kom dei over ei rettssak frå 1876 som dei baserte filmen på. Filmen hadde premiere i 1976, fekk rimeleg gode omtalar, men har seinare vore vanskeleg å få sjå. Han finst visst berre på VHS.

I denne boka er manuskriptet til filmen trykt. Det handlar om to familiar, den velståande Gregg-familien som eig eit sagbruk, og den noko mindre velståande McEvoy-familien, der fleire arbeider på sagbruket. Den unge mannen Robert McEvoy må amputera foten etter ei ulukke. Han reiser frå bygda, men då mor hans døyr kjem han tilbake. Han har eit hissig temperament, og han oppsøkjer James Gregg, sjefen for sagbruket. Tonen mellom dei er ikkje god, og det endar med at McEvoy drep Gregg. Rettssaka endar med at han vert dømd til døden.

Det er ei fin historie, og her er nok av finfine setningar og replikkar. Som vanleg deler ikkje McCarthy ut alle korta, og det er uklart kvifor han tek livet av Gregg. Har det noko med ulukka å gjera? Heng det saman med at Gregg (truleg) er litt for glad i litt for unge jenter, og at McEvoy trur at Gregg har forgripe seg på systera til McEvoy?

Guffen tilrår. 

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
(film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar