7. juli 2021

Cormac McCarthy: Child of God (1973)

Det er ikkje så veldig lystig lesnad, dette, men likevel: For ei sterk bok. McCarthy har ord på seg for å kunna skriva valdelege scener og skapa utrivelege karakterar, og me finn begge delar her.

Boka handlar om Lester Ballard, ein litt enkel mann frå dei mindre urbane delane av Tennessee. Han har korkje fast arbeid eller fast inntekt, men greier seg på sett og vis likevel. Han lever på utsida av samfunnet, men kikar ofte inn. Det han ser fører til litt av kvart. Han ranar folk, han drep dei, han viser seg å vera nekrofil, og han viser seg å ha ein rar samlemani: Av og til bur han i ei hole, og i eitt av romma i hola har han plassert lika til sju av personane han har drepe. Han vert fanga, men greier å flykta, og vert etter kvart plassert der han høyrer heime: På eit galehus.

Han er ikkje den einaste avvikaren: Ein av dei han av og til er innom valdtek dotter si, og det vert òg hinta om andre tilfelle av incest. 

Så er mange tunge tema og ekle situasjonar, men boka er altså glimrande. McCarthy skriv så vakkert, det er som om han har skore vekk alle ord og setningar som ikkje er viktige, slik at alt som står att er relevant og viktig. Eg har berre lese sju av dei ti romanane til McCarthy. Der har vore mykje bra, men denne kan vera den beste så langt.

Som eg har nemnt før: Det er tydeleg at William Gay er inspirert av McCarthy. Det legg han heller ikkje skjul på, romantittelen Provinces of Night er henta frå ein setning i denne romanen. 

Guffen tilrår.

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
 (film, 2009)
The Passenger (2022)
Stella Maris (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar