12. februar 2011

The Road (2009)

Eg anar eit mønster her. Berre dagar etter at eg såg Innsirkling på teater og konkluderte med at boka var betre, ser eg denne filmen. Det er på same viset her, boka var langt betre. Heldigvis er grunnen også her at boka er svært god. Språket til McCarthy er langt sterkare enn filmspråket.

Det handlar altså om ein far og ein son, som etter ei uspesifisert tragedie går gjennom ei verd som ikkje er til å kjenna att. Dyr og fuglar er døde, og dei menneska som har overlevd er ikkje til å stola på. Faren vil visa sonen havet. Scena då dei endeleg får sjå det er framifrå. Kameraet følgjer dei over den siste bakketoppen, ei kamerarørsle me har sett i ei rekkje andre filmar, og der det som ventar på andre sida av toppen glitrar endå meir enn venta. Her er det omvendt, havet er like grått og fargelaust som alt det andre.

Det er ein god film, men han er altså ikkje like sterk som boka. Ein grunn til det er sjølvsagt at eg nyleg las boka, slik at eg visste det meste som skulle skje. Det eg ikkje var budd på, var at mora til guten var med i så mange av scenane. Desse scenane vert ein fargesprakande kontrast til vandringa deira, som gjer det endå tydelegare at alt har gått til pisis. Sekvensane med mora tilfører likevel filmen lite.

Guffen tilrår.

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Road (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar