29. juni 2023

Cormac McCarthy: The Passenger (2022)

Denne romanen kom ut i fjor haust, seksten år etter den førre roman-utgjevinga til McCarthy. Det kom ein oppfølgar, ein del to, månaden etterpå, og dette vart dei to siste bøkene McCarthy gav ut før han døydde. Viss den siste boka, Stella Maris, er like fin som denne, utgjer dei ei mektig og verdig avslutning på forfattarskapen.

Me møter Bobby og Alicia Western, bror og syster. Begge er matematiske geni, men liva deira tok ulike retningar. I no-tida er Bobby dukkar; Alicia tok livet sitt for mange år sidan. Dei har (eller hadde) eit litt merkeleg forhold; venene til Bobby snakkar om at grunnen til at han ikkje har ei kvinne er at han framleis er forelska i syster di. Det kan godt henda at det er noko i det.

Boka opnar med eit lukka rom-mysterie. Saman med ein (eller to?) andre dukkar han til eit fly som har styrta. Dei tek seg inn i flyet, og merkar at den svarte boksen manglar, og det gjer òg ein av passasjerane. Dei prøver å finna ut kva som har skjedd, men kjem ingen veg. I staden er det slik at andre prøver å finna dei, og då ein av dei to andre misser livet ein stad i Sør-Amerika, skjønar Bobby at nokon er på leit etter han. Heimen hans vert ransaka, kontoen hans vert sperra, og resten av boka lever han i dekning. Han kjem likevel ofte tilbake til New Orleans, der han snakkar med mange han kjenner, til dømes ein privatdetektiv som fåfengt prøver å hjelpa han. Mange av desse passasjane minner om Pynchon; her er den same paranoiaen, og sjølv om det ikkje vert sagt rett ut kven som jaktar Bobby, ligg det i korta at dei er støtta av The Man

Innimellom Bobby-kapitla kjem det nokre Alicia-kapittel. Desse skjer altså for lenge sidan, og handlar stort sett om samtalar ho har med innbilte vesen. Her er mange gode ordskifte, mange dårlege vitsar og mange gode refleksjonar, men desse kapitla er ikkje like fengande som dei andre.

Guffen tilrår. 

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Orchard Keeper (1965)
Outer Dark (1968)
Child of God (1973)
Suttree (1979)
Blood Meridian (1985)
All the Pretty Horses (1992)
The Crossing (1994)
The Stonemason (1995)
Cities of the Plain (1998)
No Country for Old Men (2005)
The Road (2006)
The Sunset Limited (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)
The Road
 (film, 2009)
Stella Maris (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar