4. oktober 2022

Nige Tassell: Whatever Happened to the C86 Kids? (2022)

Av dei engelske musikkavisene var NME den eg las oftast. Det var dei som skreiv mest om musikken eg likte, og då var sjansen størst for at eg plukka opp nye namn. I 1981 gav dei ut kassetten C81, og fem år seinare kom C86. Den kom til rett tid, og i åra etter var det vanleg å referera til eit band som eit C86-band. Det trong ikkje vera eit band som var med på kassetten, det kunne like gjerne vera eit band som la seg tett opp til desse, musikalsk sett. Ranglande gitarar, gjerne litt melankolske tekstar, og veldig gjerne rimeleg introverte musikantar.

I denne boka sporar Tassell opp medlemer av alle dei 22 banda på kassetten. Nokre vart store, nokre driv på framleis, nokre la opp omtrent då kassetten kom ut. Nokre har eg høyrt om, nokre kjenner eg godt, eit par av dei har eg vore på konsert med.

Det er glitrande lesing. Det er sjølvsagt fellestrekk - alle snakkar om John Peel og alle spelte inn minst éin Peel Session. Svært mange snakkar om kor stort det var å verta spurd av NME, utan at dei tenkte at dette var ein kassett med lang levetid. Fleire seier at dei angrar på at dei ikkje gjorde som Primal Scream og tok med den aller beste songen dei hadde. Nokre driv framleis med musikk, ofte i kombinasjon med noko heilt anna. Her er professorar, her er ein som driv eit stort sykkel-lag, ein driv platebutikk, osb. Det er mykje å le av, og sjølvsagt spesielt i intervjuet med Half Man Half Biscuit. Musikken deira har aldri treft meg, titlane på songane er som regel langt betre enn musikken, men intervjua deira er alltid glimrande. Her snakkar Nigel Blackwell om korleis han vert inspirert av daglege ting - han er til dømes oppgitt over at dei som hengjer opp plakatar med bilete av eit sakna kjæledyr ikkje tek plakatane ned att når dyret dukkar opp att. Det kan jo føra til at folk leitar etter kattane i vekesvis og dreg på seg lungebetennelse.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar