4. september 2023

Agnes Ravatn: Alle mot alle (2023)

Agnes Ravatn er løgnast når ho er spaltist og/eller journalist. I denne boka får me servert rundt 60 tekstar ho har skrive for ulike aviser og blad og tidsskrift. Tekstane er frå 2007 til 2022, og dei kjem i kronologisk rekkjefølgje. Det gjer at me kan følgja utviklinga til Ravatn. 

For her er ei tydeleg utvikling. Dei fyrste tekstane er litt prega av at ho prøver seg fram, men det tek ikkje lang tid før godbitane står i kø. Dei neste, ja, tre fjerdedelane av boka er glimrande. Der er heile tida noko å le av, men det ligg likevel mykje alvor i botn. Ho skriv om seg sjølv, men ho skriv meir om folk ho møter. Og dei folka møter ho som regel i heilt ulike samanhengar. Ein slik samanheng er ein av dei lengre tekstane i boka, "Iskald vinter". Den stod på trykk i Samtiden, og handlar om då Ravatn skulle verta ny, som det heiter. Her er òg seriar frå Dag og Tid, anten heile eller halve. Den heile handlar om då ho fekk ein sekssifra skattesmell, og korleis ho prøver å leva så rimeleg som råd.

Den siste fjerdelen av boka er ikkje like lystig. Her er det ofte litt meir seriøse tema, og språket boblar ikkje like mykje. Kanskje det er av di ho skriv for eit anna publikum; kanskje det er av di ho vil prøva andre måtar å skriva på. Her vert det òg noko repetisjon, det handlar ofte om prokrastinering.

Guffen tilrår. 

Meir Ravatn på kulturguffebloggen
Veke 53 (2007)
Ikke til hjemlån (2008)
Stillstand (2009)
Folkelesnad (2011)
Fugletribunalet (2013)
Operasjon sjølvdisiplin (2014)
Verda er ein skandale (2017)
Stoisk uro (2018)
Dei sju dørene (2019)
Gjestene (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar