23. mai 2010

Cormac McCarthy: All the Pretty Horses (1992)

John Grady Cole kunne tenkt seg at han var fødd i ei heilt anna tid. Det er 1949, og han bur i dei rurale delane av Texas. Rundt han vert samfunnet meir og meir moderne, og det er vanskeleg for han å realisera draumen om å leva på hesteryggen. Saman med kameraten Lacey Rawlins rir han til Mexico, der dei vil finna seg arbeid på ein gard.

Dei er seksten år gamle, men verkar eldre. Dei har store kunnskapar om naturen, om hestar, og om menneske. Boka handlar om overgangar - om å gå inn i ei ny tid, eit nytt land, frå barn til vaksen, osb. At dei er så unge og så vaksne viser at dei høyrer til i ei anna tid. Dei møter nokre bilar, på veg heim møter Cole ein radioprest, men for han er det heile tida hesten som er transportmiddelet.

Boka opnar og sluttar med to gravferder, på den lokale kyrkjegarden hans. Ringen er slutta, han har vore ei tid i Mexico, men er komen heim igjen, som ein endå eldre 18-åring. I Mexico har han vorte endå flinkare med hestar, men det er ikkje det viktigaste. Han har sett folk verta drepne, han har drepe ein mann sjølv, han har hatt eit forhold til ei jente han ikkje kan få, av di ho ikkje vågar å flykta frå familien, han har vore i fengsel, og kroppen hans har fått både slag og spark og ei kule gjennom låret.

Cormac McCarthy fortel denne historia på ein lågmælt måte. Han har ein særeigen måte å skriva på, han gjer ikkje noko for å framheva dramatikken. At nokon vert skotne på vert skildra i det same, rolege språket som når han skildrar naturen dei rir gjennom. Her er ein total mangel på utropsteikn (som er bra), og omtrent ein total mangel på komma (som òg er bra, men som det tek litt tid å verta van med). Delar av dialogen i boka er på spansk, som sjølvsagt er eit lite hinder for ein som meg, men det er mindre viktig. Boka er den fyrste i ein trilogi - watch this space.

Guffen tilrår.

Meir McCarthy på kulturguffebloggen
The Crossing (1994)
The Road (2006)
No Country for Old Men (film, 2007)

The Road (film, 2009)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar