Den tredje (og visstnok siste) sesongen av UXA minner om dei to fyrste. Thomas Seltzer reiser rundt i USA, der han oppsøkjer personar og miljø som spelar eit stykke frå midtstreken. Det er både lystig og trist: Seltzer er ein god og lun programleiar, som oftast ser det komiske i det han møter. Samstundes er det eit djupt alvor i det han fortel om. Det handlar om det fyrste heimlandet hans, og av og til handlar det om slekta hans: Episoden der han vitjar syskenbarnet sitt, Kim, og veit at det er siste gongen han ser ho i live, er rørande.
I minst ein av dei to fyrste sesongane handla det mykje om den amerikanske draumen. Det er trist å sjå korleis den ikkje er så lett å realisera, noko som òg kan illustrerast ved eit møte mellom Seltzer og slekta. I ein tidlegare sesong møtte me Bubba, som vel er barnebarnet til Kim. Då gjekk han på high school og drøymde om å studera ved MIT i Boston. Karakterane hans var ikkje gode nok til at han fekk stipend, slik at no arbeider han ved Taco Bell. Han bur saman med kjærasten, som er gravid, og som har ein unge frå før. Dei er begge tidleg i 20-åra, og sjølv om han framleis drøymer om MIT, slit eg med å sjå at det er den vegen det går.
Der det tidlegare handla om den amerikanske draumen, er håp eit stikkord i denne sesongen. Finst det eit håp for dette skakkøyrte landet? Det gjer det jo alltid, men det er lett å missa motet av ein serie som dette. Det er eit stort klasseskilje i USA, og for dei nedste klassane er det vanskeleg å klatra. Valet om nokre dagar vil ha mykje å seia, men det er jo fare for at det vert bråk uansett.
Guffen tilrår.
Meir Seltzer på kulturguffebloggen
UXA, sesong 1 (2020)
UXA, sesong 2 (2022)
Amerikansk karmageddon (2022)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar