28. april 2011

The Hudsucker Proxy (1994)

Me er i USA, mot slutten av dei glade og optimistiske 50-åra. Direktøren for Hudsucker Industries har teke livet sitt, og i sjølvmordsbrevet, som er stila til nestleiaren i verksemda, oppmodar han om at den nye sjefen må få prøva og feila. Sjølv om ein ikkje får suksess umiddelbart, kan ein få det på lengre sikt.

Parallellane til Coen-karriera er openberre, sjølv om dei truleg ikkje er tilsikta. Dette er den femte filmen deira, og det er ein av dei to-tre veikaste. Dei prøver, dei viser at dei har mange idear, og nokre av ideane er òg gode, dei viser at dei er i stand til å leika med filmmediet, og at dei kan overraska sjåarane, men det vert ikkje godt nok. Dei prøver, og dei feilar.

Direktøren har altså teke livet av seg, omtrent i månadsskiftet november-desember. Han hadde aksjemajoriteten i selskapet, og sidan han ikkje hadde arvingar, og sidan styret trur at han ikkje har skrive testamente, kan aksjane hans frå årsskiftet kjøpast av kven som helst. Styret kan altså risikera at selskapet kjem på heilt andre hender, og dei kokar saman ein veldig snedig plan: Viss dei tilset ein ny direktør som er så hjelpelaus at det går nedover med aksjekursen, vil truleg ingen andre enn dei ha interesse av å kjøpa aksjene, og dei kan òg kjøpa dei for ein rimeleg penge. Norville Barnes, spelt av Tim Robbins, vert ny direktør, og han oppfyller alle krava styret stiller - han er dum, hjelpelaus, og alt ser ut til å gå etter planen. Heilt til han får frie hender til å laga og marknadsføra ein ide han har, rockeringar, og det vert ein braksuksess.

Historia er ikkje god nok, ho vert i alle fall ikkje godt nok fortalt. Filmen er eit sjeldant døme på at det går an å kjeda seg under ein Coen-film. Her er altfor mykje overspeling, og Tim Robbins er absolutt ikkje imponerande i hovudrolla.

Her er òg gode ting - kulissane er flotte, og filmen har òg ei av dei heilt store Coen-scenene. Ein butikkeigar som ikkje får selt rockeringar kastar dei, og den eine trillar og trillar og trillar heilt til han stoppar på fortauet, like ved ein gjut i sju-åtteårsalderen. Han ser på ringen, og skjønar med ein gong korleis han skal bruka han. Scenene der han viser kva han kan, både med og utan andre ungar som tilskodarar, er god stil. Men den eine scena kan ikkje redda heile filmen.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar