12. januar 2013

Johan Harstad: Herfra blir du bare eldre (2001)

Eg veit ikkje kvar eg var då denne boka kom ut i 2002, men eg fekk ho ikkje med meg då. Viss eg hadde lese ho då, ville eg truleg blitt endå meir imponert enn no. No veit eg jo at Harstad er god; då ville han vore ukjend. Dette er debutboka hans, og det er kanskje den beste debutboka eg har lese.

Det er ei samling kortprosa. Alle forteljingane har ein eg-person, og han vekslar mellom å vera barn og vaksen. I forteljingane er det gjerne noko som ikkje stemmer, utan at det vert klart med ein gong kva det er. Harstad skriv flytande, det er lange setningar med store mengder komma, og midt inne i desse lange setningane kan det dukka opp noko uventa, som endrar alt saman. Ein stad skriv han om ein som skal lufta hunden – han plystrar på hunden, han kler på seg, hunden kjem med halsbandet, og så tek han ein hammar ned frå hattehylla. Då er det ikkje berre ein mann som skal lufta hunden, og gradvis vert det klart kva han skal bruka hammaren til.

I mange av stykka møter me par på soverommet. Kanskje søv den andre, kanskje står begge opp, kanskje har dei det bra, oftast er det noko uroleg mellom dei. Slik er det til dømes med han som kjempar seg gjennom morgonrituala til sambuaren, før ho endeleg går ut av døra, og dagen hans kan ta til. Fleire av dei me møter har òg ei uvanleg stor interesse for krig, som han som held på å drukna då han vil finna ut korleis bestefaren eigentleg hadde det då han gjekk i land D-dagen.

Alt er likevel ikkje svart i boka, langt i frå. Fleire forteljingar har eit lystig sluttpoeng, og det er altså uråd å ikkje gle seg over denne boka.

Guffen tilrår.

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Ambulanse (2002)
Hässelby (2007)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)
Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest. Hvem vi er og hva vi gjør (2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar