3. januar 2021

Johan Harstad: Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005)

Denne las eg eit par år etter at ho kom ut, og likte ho enormt godt. Boka er framleis bra, men ho gjorde ikkje like sterkt inntrykk no. Ein halvgod grunn kan vera at ho bleiknar litt jamført med meisterverket til Harstad, Max, Mischa ..., og dei to bøkene har noko til felles: I begge bøkene er hovudpersonen ein ung mann som reiser frå Stavanger til utlandet. 

Hovudpersonen i denne boka, Mattias, har ikkje like mange ambisjonar som Max Hansen. Mattias vil helst vera han som kom på andreplass, han som ingen hugsar, han som er anonym. I alle fall er det det han trur sjølv. Når boka opnar bur han i Stavanger, men det meste raknar: Sambuaren finn seg ein annan. Han misser jobben. Den beste venen hans spelar i band, og inviterer Mattias med seg til ein spelejobb på Færøyane. Der skil dei lag etter ein krangel i fylla, og Mattias endar opp på ein fabrikk i Gjogv. Der driv den litt mystiske Havstein eit alternativ behandlingstilbod for folk med psykiske vanskar, og Mattias finn seg godt til rette her. Heilt til tilbodet vert lagt ned.

Det er altså ein finfin roman. Mattias er kanskje ikkje den mest truverdige forteljaren, og han har mange trekk som ikkje er så sympatiske, men han er likevel ein person det er vanskeleg å ikkje lika. Boka er på om lag 600 sider, men det går leikande lett å lesa ho.

Guffen tilrår.  

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Hässelby (2007)
Bsider (2008)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest (2013)
Max, Mischa og Tetoffensiven (2015)
Ferskenen (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar