Eg var rimeleg skuffa fyrste gong eg såg denne, som truleg var på kino ein eller annan stad. Dei tre Coen-filmane som kom før han var alle gode komediar, og denne filmen er noko heilt anna. Han veks likevel for kvar gong eg ser han. Det er jo trass alt ein Coen-film, og det er lett å slutta seg til det rollefiguren til Billy Bob Thornton, Ed Crane, seier i filmen: There’s certain people that just don’t suck.
Filmen går i svart/kvitt. Handlinga er lagt til 1949, og som vanleg er det ei historie med ein uventa vri. Crane veit at kona hans har eit forhold til sjefen sin, Big Dave Brewster, og han prøver å pressa Brewster for nokre pengar. Det går bra ei stund, men endar med at at Crane drep Brewster. Politiet er overtydde om at kona til Crane har gjort det, og ho vert anklaga. Superadvokaten som vert hyra inn er overtydd om at ho har gjort det, men greier å koka saman ei historie som kan få ho frikjent. Ho tek livet av seg i fengselet, og Crane går vidare gjennom livet, endå meir lågmælt enn tidlegare. Til slutt vert han likevel tiltalt for mord, etter at brikkene har falle på plass for politiet.
Filmen vert fortalt av Thornton. Rollefiguren hans er med gjennom heile filmen, men han snakkar lite på skjermen, det meste av det han seier er som forteljar. Filmen har fabelaktige bilete, det er ein suveren bruk av lys og skugge. Det er ikkje berre Crane som snakkar seint, det heile skjer i eit behageleg tempo, med lite kamerarørsle. Filmen går likevel fort framover. Mot slutten kjem éi av dei store Coen-scenene – etter at ein bil køyrer av vegen, ser me berre nokre tre i skogen. Me reknar med at dette er noko Crane ser etter at bilen, men etter nokre lange sekund kjem bilen susande gjennom biletet, i sakte, sakte film
Guffen tilrår.
Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)
Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)
The Ballad of Buster Scruggs (2018)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar