17. juli 2010

Blod og ære (2008)

Boksing er ein meiningslaus idrett. Det heile handlar om å slå motstandaren i bakken, og det seier seg sjølv at ein skal leita lenge for å finna noko meir primitivt. I boksemiljø verkar det som om det gjev mest status å vinna på knock-out, altså å slå motstandaren så hardt at han ikkje kjem seg opp. I kva andre idrettar gler ein seg over at motstandaren verdt skada?

Likevel er det råd å forstå at nokon vel å driva med boksing. Det som er vanskeleg å forstå, er at foreldre aktivt tek ungane sine inn i bokseringen, og at dei, når det viser seg at ungane har eit talent for boksing, tek aktivt del i boksekarriera til ungane, og sit ringside ved alle kampane deira. Korleis kan ein far sjå på at sonen slår andre menn så hardt han kan? Og korleis kan han sjå på at sonen vert slegen i bakken?

Team Klemetsen, som dei kalla seg, er altså eit rart par. John var boksetrenar i Stavanger, og drog med seg sonen Ole på treningar. Han viste stor framgang, og var lenge ranka som ein av dei beste i verda. Han tok EM-tittelen ein gong i 90-åra, men tapte kampen om VM-tittelen etter å ha gått tolv rundar mot den regjerande meisteren. Der var altså både opp- og nedturar. OL i 1992 var ein slik nedtur, proff-karriera i USA vart etter kvart ein annan.
Filmen handlar om boksekarriera til Ole, men er like mykje eit portrett av faren. Dei har eit uvanleg nært forhold, og det gjer inntrykk å sjå korleis dei heile tida tek på kvarandre. Mot slutten av filmen har faren kreft, og scenane der dei snakkar om det dei har gjort, og der faren sterkt oppmodar ein motviljug Ole til å gjera seg kjend med familiebakgrunnen, er sterke. Spesielt faren er ein draum for ein dokumentarfilmskapar, han snakkar med store bokstavar, og hentar fram alle klisjeane i boka. Sonen er meir reservert, i alle fall i dei nyaste opptaka. Han snakkar mindre, og snakkar utydeleg, for ein bokseskeptikar som meg er det nærliggjande å tru at den skrantande diksjonen heng saman med alle slaga han har fått som boksar.

Team Klemetsen var kontroversielle, og var dårleg likt av bokseforbundet. I filmen skuldar dei heile tida på andre, det var aldri deira feil at ting gjekk gale. Også den amerikanske trenaren deira får skulda for at det skar seg i USA. Dei braut kontrakten med han og reiste attende til Noreg. Han saksøkte dei, og vann saka.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar