Siri Hustvedt har vel skrive om lag like mange sakprosa-bøker som skjønnlitterære bøker. Dette er den fyrste essay-samlinga hennar, og jamt over er dette verdt å lesa.
Opningsessayet, "Yonder", er glimrande. Ho skriv mykje om eige liv, om liva til foreldra, og om livet til farfaren. Ho skriv om stadar, ho skriv om minne, og ho skriv om korleis det var/er å høyra heime i to ulike land. Farfaren fekk ein fin sum pengar frå ein norsk slektning i 1961 og brukte pengane på å reisa til Noreg og familiegarden Hustveit for fyrste gong. Han hadde høyrt mykje om staden og kjende seg godt igjen - my grandfather remembered what he had never seen.
Nivået er òg høgt når ho skriv om Vermeeer-måleriet på framsida av boka, når ho skriv om The Great Gatsby, og når ho skriv om sex og samliv i "A Plea for Eros". Der er ho kritisk til ein ny regel ved Antioch College - all seksuell kontakt må vera etter samtykke. Ho meiner at dette vil ta vekk mykje av gleda og det spontane ved sex.
Dei to siste essaya fenga meg mindre. I det eine skriv ho om Our Mutual Friend, den siste romanen til Charles Dickens, ein roman ho tok doktorgraden på. Dette essayet vert for omstendeleg, sjølv om det kan henda at det er meir spanande for dei som har lese romanen. Sluttessayet handlar om stilleben-måleri gjennom historia.
Guffen tilrår.
Meir Hustvedt på kulturguffebloggen
The Blindfold (1992)
The Enchantment of Lily Dahl (1996)
What I Loved (2003)
The Sorrows of an American (2008)
The Summer Without Men (2011)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen, 2.2.13)
The Blazing World (2014)
Memories of the Future (2019)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar