Noko av det gode med Coen-filmane er dei gode dialogane. Dei vitnar om ei glede over å leika med språket, og dei vitnar om at minst ein av dei to er ein meir enn habil skribent. Slik sett er det ikkje noko overraskande i at Ethan, den eine av dei, har gjeve ut fleire bøker. Eg lukta på fleire av dei ein gong eg var innom Amazon, fall ned på denne, og vart litt overraska då eg såg at det var ei diktbok. Eg trudde eg hadde tinga ei novellesamling.
Eg likar noveller betre enn dikt, men her var likevel litt å gle seg over. Dikta er skrivne i eit gamalmodig språk, her er neste shakespearianske ord og vendingar, og langt dei fleste har både rim og faste rytmar. Nokre av dikta er morosame, og det ser ut til å vera intensjonen også med dei som ikkje fekk meg til å smila. Nokre av limerickane midt i boka var gode, elles likte eg òg diktet "If I May", der eg-personen er lei av alle som skriv dikt om indre tankar og prøver å skildra kva det vil seia å vera ein mann eller ei kvinne, og som på liv og død skal skildra livet på ein sensitiv måte. Dette får eg-personen til å spy, og diktet sluttar slik: "Do me a favor / If you've thought of a sensitive thing, / Write it down in prose. / Or better yet / Go fuck yourself".
Her er altså litt å le av, og her er mange prov på at Coen kan skriva, og han bruker gjerne uventa eller lite brukte ord. Likevel er det vanlegare at dikta kjedar meg, og då er det ikkje nok at han hentar fram rim som dette: "And pray his soul is now at peace as, / hopefully, it's met Matisse's".
Guffen er lunken.
Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)
The Man Who Wasn't There (2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)
Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)
The Ballad of Buster Scruggs (2018)
30. oktober 2012
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar