1. juli 2019

Johan Harstad: Max, Mischa & Tetoffensiven (2015)

Dette. Dette var ei fabelaktig bok. Ho har stått ulest i hylla mi lenge, sjølv om ho fekk mykje ros då ho kom ut har eg vegra meg litt for å ta til - boka er på godt og vel tusen sider. Det er ikkje ofte eg les ei så lang bok og tenkjer at ho kunne vore mykje lengre. Det er ikkje ofte eg les ei så lang bok, og der det fyrste eg gjer etterpå er å fundera på når eg kan lesa ho om att. Det er eit meisterverk, rett og slett.

Det er ikkje gjort i ei handvending å skriva kva boka handlar om, men eg prøver: Hovudpersonen er Max Hansen. Han veks opp utanfor Stavanger. Faren er flygar, og mot slutten av 1980-åra flyttar familien til Long Island utanfor New York. Han finn seg ikkje heilt til rette, men gjennom den eine nære venen han får, Mordecai, møter han biletkunstnaren Mischa. Dei to vert eit par. Både Max og Mordecai er dregne mot teater og skodespel - Max vert regissør, Mordecai vert skodespelar. Alle tre gjer det godt, Mischa gjer det svært godt. Ei tid bur Max og Mischa saman med onkelen til Max, Ove, som flytta frå Noreg seint i 1960-åra, som verva seg til Vietnam-krigen for å få amerikansk statsborgarskap, og som gjennom den handlinga i praksis braut med både familie og dei venene han hadde i Noreg.

Og det referatet verkar kanskje ikkje som det mest spanande. Det skjer sjølvsagt mykje meir. Boka handlar om venskap, om å ha eit heimland, om kunst, om krig (og fred), om nyare amerikansk historie, osb. Harstad skriv glitrande, der spesielt dei mange samtalane er så til dei grader midt i blinken. Det er ein fantastisk flyt i språket. Boka er òg finfint komponert, der me vekslar mellom ulike tider og ulike forteljarar. For ei bok.

Guffen tilrår.

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Hässelby (2007)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest (2013)

1 kommentar:

  1. En fantastisk bok jeg leste for lenge siden, den suser enda i bakhodet på meg. Han fortjener masse skryt og heder, jeg digger han. Har ikke lest alle ser jeg på din liste.

    SvarSlett