25. september 2023

Siri Hustvedt: The Blazing World (2014)

Det handlar om identitet og identitetar. Kven er me, kven trur andre at me er?

Kunstnaren Harriet Burden har berre fått sånn middels respons på kunstverka sine. Ho vil prøva ut om dette skuldast at ho er kvinne, og avtalar med tre andre kunstnarar at ho skal laga utstillingar i deira namn. Responsen vert langt betre, og ho er nøgd med at ho har fått fram poenget sitt. Heilt til den siste kunstnaren, Rune, ikkje vil vera med på leiken meir: Han står fast på at det er han som laga verka i den siste utstillinga hennar.  

Romanen er ei rekkje tekststykke, samla av professor I.V. Hess. I føreordet fortel han korleis han har samla inn stoff. Noko har stått på trykk før. Noko er henta frå notatbøkene til Burden. Noko er intervju han har gjort. Noko er tekstar andre har skrive for denne boka. Det er altså ei rekkje stemmer som fortel, og dei som har levert skrivne tekstar møter ikkje den same motstanden intervjuobjekta kan få. Det er altså litt ulike forteljingar som kjem fram, og me veit ikkje alltid kven me skal tru på. Nokre av dei som fortel verkar stabile, andre meir ustabile. At Harriet ofte vert omtala under klengenamnet Harry strekar under dette.  

Det er ei ambisiøs bok, og Hustvedt greier seg godt. Det var vanskeleg å sjå korleis nokre av tekstane, kanskje spesielt midt i boka, passa inn og kva dei fortalde oss, men mange nok av puslebitane fell på plass til at me skjønar kva som (truleg) har skjedd.

Guffen tilrår.

Meir Hustvedt på kulturguffebloggen
The Blindfold (1992)
The Enchantment of Lily Dahl (1996)
What I Loved (2003)
The Sorrows of an American (2008)
The Summer Without Men (2011)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen, 2.2.13)
Memories of the Future (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar