30. juli 2022

Johan Harstad: Bsider (2008)

Denne boka inneheld fire skodespel, skrivne mellom 2002 og 2008. I eit etterord omtalar Harstad "eksperiment. Eller forsøk". Det kan så vera, men det er i tilfelle svært vellukka eksperiment. Eg anar ikkje om stykka har vore framførte ofte, men eg skulle gjerne sett dei. 

Ingen av stykka er spesielt lystige. Det er vel eit fellestrekk at ting går eller har gått gale, og det siste av dei fire skodespela er vel det einaste der ingen døyr. 

I Krasnoyarsk har verda (nesten) gått under. Hovudpersonen, Antropologen, er sendt ut for å sjå om han kan finna spor etter andre levande vesen. I Washingtin møter me sonen til ein av pilotane som styrte eit fly som styrta i Washington DC i 1982. Sjølve flystyrten hende verkeleg det året, så det er vel rett å seia at skodespelet er basert på verkelege hendingar. I alle fall fyrste del - det kjem eit uvanleg uventa vendepunkt då sonen får besøk av to menn. I Graden av hvitt er eit par på veg over Grønland, då ho finn ut at ho ikkje greier meir, tek med seg alt han treng for å overleva, og går frå han. I Brødmannens memoarer er ein mann på ferie eller på flukt i Akapulco i Mexico. Kvifor han er der kjem ikkje heilt fram, men dagane hans der vert dominerte av den svært fyldige kvinna han leiger rom hjå, og store mengder mjøl.

Det er altså fire fine stykke - velskrivne, spanande, passeleg løgne, og verdt å lesa.

Guffen tilrår. 

Meir Harstad på kulturguffebloggen
Herfra blir du bare eldre (2001)
Ambulanse (2002)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005)
Hässelby (2007)
Darlah (2009)
Osv. (2010)
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet (fjernsynsserie, 2011)

Motorpsycho. Blissard (2012)
Manifest for folk flest (2013)
Max, Mischa og Tetoffensiven (2015)
Ferskenen (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar