20. september 2017

Camilla Juell Eide og Erling Moss: "... aldri mer slippes løs" (1999)

Fredrik Fasting Torgersen vart i 1958 dømd for å ha drepe ei 16 år gamal jente i Skippergata i Oslo. Han sat i fengsel til 1974. Alt utover i 1960-åra tok fleire opp det dei meinte var feil i rettssaka. Torgersen prøvde fleire gonger å få teke saka si opp att, men kravet vart avvist kvar gong.

Det er aldeles uforståeleg for alle som les denne boka. Eg er fullt klar over at det i andre bøker vert hevda at Torgersen var mordaren, og er fullt klar over at det er mange andre som er usamde i argumenta som vert lagt fram her, men likevel: Dette må vera eit justismord, og det er vondt å tenkja på at Torgersen ikkje fekk saka si opp att medan han levde.

Han vart pågripen (mistenkt for sykkeltjuveri) før liket vart funne. Likevel samsvara forklaringa hans heilt med andre vitneforklaringar om kva han hadde gjort i timane rett før, altså utan at han kunne ha avtala noko med dei andre vitna. Han skulle ha valt ut den rette av to nøklar frå kåpa til den drepte jenta, for å koma seg inn att ei stund etter at han hadde drepe henne. Han skulle ha funne ei godt gøymt kjellarluke i eit hus han ikkje var kjend i. Han skulle ha samla saman brennbart materiale i den mørke kjellaren, som han lyste opp med åtte fyrstikker - alle desse låg på same stad, ved sida av bålet han kom tilbake for å tenna på. Ein annan mann hadde fulgt etter jenta heim, kanskje den same mannen som stod saman med ho i gangen i huset ho budde i, men ingen av dei som såg desse mennene gjekk god for at det var Torgersen. Han hadde nokre heilt vanlege grannåler i ei dresslomme, men av sakkyndige vart desse barnålene presenterte som ekstremt sjeldne, og at dei matcha eit daudt juletre i kjellaren. Han sa at han hadde kjøpt dressen frå ein som hadde vore på flukt frå politiet og som hadde overnatta ute i skogen - politiet kalla aldri denne mannen inn til avhøyr. Det var bitemerke i brystet til den drepne jenta - to sakkyndige meinte at merka matcha tennene til Torgersen, men dei var usamde om kva tenner som hadde sett dei ulike merka.

Og så bortetter. Det er ein trist historie, som vert godt fortalt. Denne boka flyt langt betre enn boka Moss skreiv om Per Liland, og det er ei bok det absolutt er verdt å lesa.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Michael Grundt Spang: Torgersen-saken (1973)
Erling Moss: Saken Per Liland (1997)
Litteratursymposiet i Odda, 2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar