27. august 2010

Blood Simple (1984)

Dette er ein film eg er glad eg har sett. Ikkje nødvendigvis av di filmen er god, men av di det er debutfilmen til Coen-brørne. Det er noko med det - når du er kunstnarar du set høgt, vil du gjerne få med deg alt dei har gjort. Slik har eg det med Vesaas, og slik har eg det med Motorpsycho, for å nemna nokre døme. Og slik har eg det med Coen-brørne.

Sjølve filmen er ikkje spesielt god. Eg såg han saman med Hilde på Cinemateket i Bergen midt i 90-åra, og berre éi scene har festa seg frå den gongen. To personar grev ned eit lik ute på ein åker, og dei vert ferdige omtrent når sola går opp. Dei har arbeidd i lyset frå billyktene, slik at då dei set seg inn i bilen for å køyra vekk, er batteriet flatt. God komikk. Dei prøver ein gong til, og no startar motoren. Endå betre komikk. Det var ikkje akkurat slik det skjedde - det var berre éin person som grov. Og han som vart nedgravd var ikkje heilt daud.

Scena over er omtrent den einaste som peikar fram mot Coen-brørne som store humoristar. Der er andre småting som viser lovande takter, men i det heile er det ein film og ei historie på det jamne. Historia tek nokre uventa vendingar, men ikkje mange nok til at ho fengar nok. Ein privatdetektiv fotograferer ei kvinne saman med elskaren sin. Mannen hennar bed detektiven drepa begge to. Detektiven fabrikerer prov på at han har teke livet av dei, får betalt, og skyt mannen. Elskaren, som har pengar til gode hjå mannen, kjem innom kontoret hans rett etterpå, og finn mannen daud (trur han), og ser at det er pistolen til kvinna som er mordvåpenet. Han vaskar kontoret reint, og tek med seg mannen for å grava han ned, for å verna kvinna. Privatdetektiven vil likevel ta livet av kvinna og elskaren, men etter å ha skote elskaren, vert han sjølv drepen av kvinna.

Guffen er lunken.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar