19. april 2010

Fargo (1997)


Eg heldt på med hovudfag då denne filmen kom, i 1997, og skreiv ei oppgåve om Norsk Høstfest i Minot, Nord-Dakota. Alle hovudfagsstudentar måtte halda to obligatoriske innlegg, og i det fyrste presenterte eg empirien eg la til grunn for oppgåva. Eg snakka mellom anna om korleis andre amerikanarar såg på norskamerikanarar, og at dei vart sett på som trege, enkle og jordnære menneske som oftare stakk fingeren i jorda enn i bokhylla. Etter innlegget var det ein god runde med spørsmål og kommentarar. Etter tre kvarter dabba det heile av, og eg var på nippet til å seia at det var fint at ingen spurde om eg hadde sett Fargo, sidan det var eit spørsmål mange andre hadde stilt meg. Før eg fekk opna munnen, stakk Birger opp handa og spurde om eg hadde sett Fargo.

Spørsmålet var ikkje uventa. Filmen handlar om ei kidnapping som går heilt galt, der er nok av skyting og vald, mot slutten kjem det ei rimeleg sterk scene der det sprutar mykje blod, men trass i alt dette ser eg på filmen nesten som ein feelgood-film. Coen-brørne har teikna eit fint og sympatisk portrett av den norskamerikanske kulturen, ein kultur dei kjenner godt. Dei voks sjølve opp i Minnesota, ein av statane der det er mange norskamerikanarar. Det er vanlege folk som bur der, gode, vanlege folk. I filmen kjem dette best fram i ekteskapet mellom Marge og Norman Gunderson, ho er sheriff, han målar andebilete. Det går ikkje an å vera meir normal enn Norm, som kanskje snakkar aller tregast av alle i heile filmen.

Dei innfødde går seint, snakkar seint, og dei bruker få ord når dei snakkar. Filmen har det same rolege tempoet, i alle fall når scenane handlar om dei lokale. Dei bruker òg den flate prærien godt, der er mange flotte scener der bilar køyrer gjennom eit flatt, snødekt landskap.

Som i Raizing Arizona er dei gode elementa på plass. Gode replikkar, uventa vendingar i historia, valdsmenn som ikkje skyr noko, personar med altfor lite i hovudet, god humor, og store enkeltscener. Forskjellen er at i denne filmen er dei utlærte, og filmen er ein av dei aller, aller beste filmane dei har laga.

Som vanleg i ein god Coen-film har ein person laga ein plan som går til pisis. I denne filmen er det Jerry Lundegaard, ein bilseljar med litt for dårleg økonomi, og litt for rik svigerfar. Han får nokre kriminelle til å kidnappa kona hans, og planen er at svigerfaren skal betala løysepengar. Han har tenkt å ta det meste av løysepengane sjølv, for å koma i økonomisk balanse.

Planen er god, men det heile går sjølvsagt galt. I alt vert sju personar drepne, dei fleste av desse vert drepne av di dei var på feil stad til feil tid. Både kona og svigerfar til Lundegaard vert drepne, det same vert ein av dei to kidnapparane. Den andre kidnapparen vert sett i fengsel, og det same vert Lundegaard. Det meste av pengane vert gravd ned i snøen på prærien i Minnesota.

Filmen opnar med ei melding om at dette er basert på ein sann historie. Det er sjølvsagt berre tull, men folk trur det dei les. Det kan føra til litt av kvart. På DVD-en er det to finfine filmar om Fargo, og i den eine av desse vert det fortalt om ei kvinne frå Japan som miste livet etter ei veke i Minnesota. Ho vart mellom anna sett gåande langs ein hovudveg på grensa til Nord-Dakota, og då politiet spurde kva ho dreiv med, svara ho at ho leitte etter kofferten med pengane frå filmen. Ei tid etter at filmen hadde hatt premiere skreiv ei avis at filmen slettes ikkje var basert på ein sann historie. Coen-brørne sende inn eit lesarbrev der dei sa at dei skulle gjera det dei kunne for å finna den skuldige, at dei skulle finna ut korleis dette kunne skje, og at slike ting ikkje ville skje igjen.

Filmen er full av godt skodespel. William Macy er best, han er glimrande som den smånervøse bilseljaren, og har eit fjes som er skapt for denne rolla. Dialogane i filmen er òg framifrå, det handlar ikkje berre om dei norskamerikanske talemåtane, det handlar òg om dei gode formuleringane. Det er ein flott film, på alle måtar, som eg gjerne ser endå fleire gonger.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
The Big Lebowski (1998)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)

Relatert på kulturguffebloggen
Fargo, sesong 1 (2014)
Fargo, sesong 2 (2015)
Fargo, sesong 3 (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar