6. mai 2010

The Big Lebowski (1998)

Der finst nokre filmar du kan sjå om og om igjen. Dette er ein av dei. Eg anar ikkje kor mange gonger eg har sett han, men eg finn framleis ting å le av. Det kan godt vera ein av dei beste filmane som er laga.

Fyrste gongen eg såg han var i Bergen, saman med Brynjulv og Hilde og Marit. Eg hugsar enno delar av samtalen etterpå, me var alle samde om at det var ein kanonfilm, og me snakka mellom anna om kven The Dude minte oss om, og at me snart måtte bowla igjen.

Filmen handlar om The Dude, ein laidback slacker som eigentleg heiter Jeff Lebowski. Han vert forveksla med ein velståande forretningsmann som heiter det same, og vert dregen inn i noko som kan vera ei kidnapping. Det viser seg at det ikkje er det, til liks med Fargo er det noko kødd med kidnappinga, men før ein kjem så langt, har The Dude fått herpa bilen sin; bowla ein del med Walter, ein Vietnam-veteran, og Donny, ein kar som ikkje kjem til orde; han har røykt ein del hasj og drukke ein del; han har gjort dotter til han andre Lebowskien gravid; han har vorte plaga av nokre nihilistar, og han har vore på fest hjå ein pornokonge. Heile tida har han god stil, og er så avslappa at det er uråd å ikkje lika han.

Han og Walter og Donny er eit bowlinglag, og mykje av handlinga i filmen er lagt til ein bowlinghall. Likevel trur eg ikkje at me ser at The Dude bowlar, og me ser vel heller ikkje Walter i aksjon. Dei snakkar stort sett, dei har alle fabelaktige replikkar, og utfyller kvarandre godt. The Dude skal vera laidback, men hisser seg opp omtrent kvar gong han snakkar med Walter. Walter snakkar heile tida, og kjem støtt med referansar til Vietnamkrigen, og til at han er jødisk, og han avbryt Donny kvar gong han prøver å seia noko.

Her er ei lang rekkje av minneverdige replikkar. Det er fascinerande korleis ulike personar har dei same replikkane til ulike tider i filmen. Alt i opningsscena ser me til dømes ei fjernsynssending der dåverande president George Bush snakkar om den irakiske invasjonen i Kuwait, og seier "This aggression will not stand". Nokre minutt seinare seier The Dude nøyaktig det same, om ein heilt annan invasjon - han snakkar med nokon som har brote seg inn i husveret hans.

Språket er òg friskt, slik at før filmen vart vist på fjernsyn i nokre land, måtte ting endrast. I Italia vart til dømes replikken "See what happens when you fuck a stranger in the ass?" dubba til "See what happens when you find a stranger in the Alps?"

Det er glimrande skodespel heile vegen. Hovudrolla er som skapt for Jeff Bridges, og dei to Coen-veteranane John Goodman og Steve Buscemi er finfine som Walter og Donny. Musikken er bra, filminga er bra, her er nokre draumesekvensar som er sterkt Wagner-inspirerte - det er i det heile ein film å verta glad av. Og glad i.

Guffen tilrår.

Mykje meir Coen på kulturguffebloggen
Blood Simple (1984)
Raising Arizona (1987)
Miller's Crossing (1990)
Barton Fink (1991)
The Hudsucker Proxy (1994)
Fargo (1997)
O Brother, Where Art Thou? (2000)

The Man Who Wasn't There (2001)
Ethan Coen: The Drunken Driver Has the Right of Way (bok, 2001)
Intolerable Cruelty (2003)
William Rodney Allen: The Coen Brothers Interviews (bok, 2006)
No Country for old Men (2007)
Burn After Reading (2008)
A Serious Man (2009)
True Grit (2010)

Jenny M. Jones: The Big Lebowski (bok, 2012)
Inside Llewn Davis (2013)
Hail, Caesar! (2016)
The Ballad of Buster Scruggs (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar