9. desember 2019

Siri Hustvedt: Memories of the Future (2019)

Ein vaksen, kanskje til og med godt vaksen, forfattar ryddar i barndomsheimen. Mora er komen på gamleheim, og under ryddinga finn forfattaren dagboka ho førte då ho flytta til New York førti år tidlegare. Dei mange utdraga frå dagboka viser ei ung kvinne som vil verta forfattar, som er nyfiken på livet, som opplever både godt og gale, og som veks mykje på det eine året dagboka dekkjer.

Den vaksne forfattaren kommenterer det ho les. Ho tek òg med nokre utdrag frå ein roman ho prøvde å skriva det året. Det er ikkje rare greiene, men det er òg heile poenget med å ta det med. Det romanutkastet var viktig for at kvinna vart forfattar.

Veldig mange av kommentarane hennar går på minne. Noko av det ho skriv om hugsar ho godt; andre ting er gått i gløymeboka. Ho reiser av og til på besøk til mora, som er godt over nitti og som ikkje hugsar så mykje lenger, og også der spinn ho gode tankar om minne. Kva hugsar me? Kor mykje hugsar me annleis? Har me sjølv valt å hugsa det annleis?

Forfattaren vert berre omtala som S.H. Ho kjem frå ein bokglad familie i Minnesota, og bur i dag i Brooklyn. Det er mange parallellar med livet til Hustvedt, også det at mor hennar var over nitti og budde på ein gamleheim, men det vert sjølvsagt feil å lesa det heile som ein sjølvbiografi.

Fun Fact #1: Det finst to ulike omslag på boka, på det andre er kvinna påkledd.
Fun Fact #2: Ein gong spelte eg i eit band som hadde ein song kalla "Future Memories".

Guffen tilrår.

Meir Hustvedt på kulturguffebloggen
The Blindfold (1992)
The Enchantment of Lily Dahl (1996)
What I Loved (2003)
The Sorrows of an American (2008)
The Summer Without Men (2011)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen, 2.2.13)
The Blazing World (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar