21. august 2018

Siri Hustvedt; The Enchantment of Lily Dahl (1996)

Lily Dahl er 19 år. Ho bur i ein småby i Minnesota (det kan godt vera Northfield, sidan det vert referert til Iris Vegan, hovudpersonen i The Blindfold. Og Northfield er òg byen Hustvedt vaks opp i), der ho arbeider som kelner på ein diner. Ho har vanlegvis morgonskiftet, der både bønder og luringar og andre kjem innom for å eta det same kvar morgon.

Dahl drøymer om eit liv ein annan stad, gjerne i ein storby som New York, og gjerne eit liv der ho arbeider i kulturlivet. Det er difor ikkje så rart at ho er med i eit amatørteater, eller at ho fell for kunstnaren Ed Shapiro, som bur på eit hotellrom tvers over gata frå leilegheita hennar. Ho har òg mykje kontakt med naboen sin, ei eldre dame som har vore rundt kvartalet nokre gonger.

Portrettet av Dahl er fascinerande. Det er slettes ikkje sikkert at ho har det som trengst for å koma seg vekk, det kan henda at ho eigentleg trivst godt med å vera ung og fager og full av livslyst. Boka er likevel mykje meir enn dette. Ho er full av merkelege personar: Nokre brør som samlar på bos ute på farmen sin, ein farm der far deira drap mora og gravde ho ned, kanskje før ho døydde. Ein ung mann som er lettare forstyrra, og som prøver å kommunisera med Dahl gjennom obskure rebusar, og som vert observert fleire medan han nattestid går rundt og ber på eit lik (som viser seg å vera ei dokke). Det vert nesten som i Twin Peaks, der småbyharmonien vert forstyrra av litt av kvart.

Her er det likevel ikkje så mykje som er gale, viser det seg. Med unntak av han unge mannen med dokka er alle heilt i balanse likevel, viser det seg.

Guffen tilrår.

Meir Hustvedt på kulturguffebloggen
The Blindfold (1992)
What I Loved (2003)
The Sorrows of an American (2008)
The Summer Without Men (2011)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen, 2.2.13)
The Blazing World (2014)
Memories of the Future (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar