28. november 2010

Jonathan Franzen: Freedom (2010)


Franzen er ein forfattar eg har høyrd mykje om, men ikkje lese noko av før. Denne boka kom tidlegare i år, og fekk stort sett skryt, ho vart jamleg omtala som den beste amerikanske romanen etter tusenårsskiftet, eller noko slikt. Det kan godt henda at det stemmer.

Walter og Patty Berglund er gifte. Frå utsida verkar det som om alt står bra til, men det ulmar på innsida, av ulike grunnar. Etter at han får lesa ein sjølvbiografisk tekst ho har skrive for terapeuten hennar, der ho mellom anna fortel om at ho har ahtt eit forhold til Richard, den beste venen til Walter, kastar han henne ut, og dei er frå kvarandre i seks år, før dei kjem saman igjen mot slutten av boka.

Alle kapitla i boka har eigne hovudpersonar, i tillegg til Walter og Patty handlar det om Joey, son deira, og Richard. Dette grepet fungerer godt, men det beste er måten Franzen fortel historia på. Alt kjem ikkje kronologisk, der er mange tilbakeblikk. Både i opningskapitlet og i dei to sjølvbiografiske Patty-tekstane ser me kva som har skjedd tidlegare. Men det er òg snedig korleis han ofte ventar med å fortelja kvifor det han skriv om skjer. Eit Walter-kapittel handlar til dømes om korleis han og sekretæren/kjærasten hans, Lalitha, feirar eit eller anna, men det kjem ikkje fram før seinare kva dei feirar.

Eg mislikar sterkt uttrykket "politisk korrekt", men dreg det likevel fram her: Walter er nærmast ein karikatur på ein politisk korrekt person. Han støttar alle gode saker, han forureinar ikkje, han er aldeles fiksert på likestilling, og vert så oppteken av dette at han misser evna til å sjå klart. Han vert meir og meir oppteken av at amerikanske småfuglar må ha det så bra som råd, og mot slutten av boka tek han han heilt ut, og erklærer nærmast krig mot kattane i nabolaget, sidan dei tek livet av småfuglar på eigedomen hans.

Franzen skriv glimrande. Det er kanskje litt feil uttrykk når ein snakkar om ei bok på 560 sider, men han seier mykje med få ord. Smak til dømes på "The young man was blond and body-built, his wife or girlfriend svelte in a childless big-sty way".

Fridom står sentralt gjennom heile boka. Alle personane vil vera frie, samstundes som dei alle kjempar for å gjera det godt økonomisk, og å ha eit godt familieliv. Unntaket er Richard, og han er den som verkar mest fri. Fridom er òg eit sentralt amerikansk omgrep, sjølvsagt. For mange amerikanarar handlar det om fridom å leva slik dei vil, og kvar dei vil. Då Walter kjempar mot nabokattane mot slutten av boka, er der ein samtale med ei konservativ nabokone som mellom anna får høyra at kattane hennar er importerte, og at sidan småfuglane var her fyrst, har ikkje kattane hennar rett til å kødda med dei. Parallellen til korleis amerikanarar handterte indianarane, og til korleis dei tek seg til rette i andre land, er openberr.

Guffen tilrår.

Meir Franzen på kulturguffebloggen
The Corrections (2001)
Purity (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar