11. august 2021

Chris Ware: Rusty Brown (2019)

Chris Ware lagar intrikate teikneseriar. Boka er litt større enn A5, men mange av sidene har enormt mange ruter - på ei av sidene er det rundt 170 ruter. Teikningane er flotte og detaljrike, og visuelt er det ei fryd å lesa dette.

Det beste er likevel historiene. Boka er kalla opp etter Rusty Brown, men me møter mange andre òg. Det verkar som om det dei har til felles er at dei anten er elevar eller tilsette ved ein high school i Nebraska. Dei aller, aller fleste av dei me møter har òg rimeleg store sosiale problem.

Rusty Brown er rundt åtte år, og drøymer om at livet som skuleelev vart erstatta av eit liv som superhelt. På skulen kjem det ein ny elev, Chalky White, som heller ikkje er noko sosialt midtpunkt. Ein bolk av boka handlar om far til Rusty. Me får høyra om oppveksten til Jordan Lint, ein av problemelevane på skulen. Til slutt handlar det om Joanne Cole, tilsett ved skulen. Utan altfor store overgangar går me frå ei historie til den neste, me hoppar i tid og stad - ein av historiene handlar om dei fyrste som buset seg på Mars.

Det er fabelaktige greier. Teiknigane står svært godt til historiene, det ligg ei melankolsk stemning over det heile. Då boka kom ut i 2019 vart det snakka om at dette var fyrste del av eit tobandsverk, men det kan ta tid før neste del kjem: Dei eldste delane av denne boka vart teikna i 2001.

Guffen tilrår.

Meir Ware på kulturguffebloggen
Rusty Brown (2019)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar