21. februar 2011

Happy Go Lucky (2008)

På tur med Runar; som vanleg er det filmframvising på hotellrommet hans. Denne gongen var det ein film av Mike Leigh.

Eg har sett fleire av filmane hans. Alle har ikkje gjort like sterkt inntrykk, men nivået er jamt høgt, til dømes i Naked, ein av dei britiske filmane eg likar best. På same måte som i Naked er her ein glimrande dialog, personane i filmen snakkar fort og godt. Mest av alle snakkar Poppy Cross, ei tretti år gamal kvinne. Ho er førskulelærar, utan alt for mange faste haldepunkt i livet. Ho bur saman med ei veninne, og tek det meste med godt humør. Filmen opnar med at sykkelen hennar vert stolen, men det gjer visst ingenting.

Det er Poppy som ber filmen. Ho er rimeleg hyper, men det vert for mykje av det gode. Eg kjenner heldigvis ingen som ho, det hadde knekt meg fullstendig. Eg vonar at det er godt skodespel, stakkars dame om ho er slik heile tida.

Her er mykje å le av. Det er ikkje berre replikkane som er gode, her er ei rekkje gode scener. Men bak humoren, under all gleda er det eit djupt alvor. Systera til Poppy, som er gift og høggravid, meiner at Poppy tek altfor lett på ting. Poppy prøver å le det vekk, men ho får òg med seg det som vert sagt.

At sykkelen hennar vert stolen fører til at Poppy omsider tek til med køyretimar. Scenene ho har saman med køyrelæraren sin er glimrande. Han er rasist (eller i beste fall sterkt kritisk til innvandrar), han er prega av konspirasjonsteoriar, og er like langt nede som Poppy er oppe. Han er generelt negativ, han meiner at ho ikkje tek undervisninga alvorleg nok, og likar òg dårleg at ho les han som ei ope bok.

Guffen tilrår.

Meir Leigh på kulturguffebloggen
Naken (1993)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar