10. juni 2018

Jonathan Franzen: Purity (2015)

Dette var eigentleg litt rart. Eg las to Franzen-romanar for nokre år sidan, og kjøpte denne då ho kom i 2015. Eg har likevel venta med å lesa ho, eg hadde ei kjensle av det var litt seige greier. Etter lesinga henta eg fram det eg hadde skrive om dei to føregåande, og ser at eg var svært nøgd med dei. Kvar kjensla av at dette ikkje var så bra kom frå veit eg ikkje, men det stemde, i alle fall. Dette er noko av det seigaste eg har lese, og eg er heller nøgd med at eg kom meg gjennom heile boka.

Kva det handlar om? Purity er ei jente tidleg i tjue-åra, som ikkje veit kven faren er. Ho arbeider litt for ei kvalitetsnettavis i Denver, og vert sendt til Bolivia. Der har ein kar frå Aust-Tyskland bygd opp ein leir der dei leitar på nettet etter løyndomar. Det viser seg at tyskaren og sjefen for avisa i Denver er gamle kjende, slik at Purity får vita kven faren er.

Dette er kortversjonen, sjølvsagt. Franzen bruker langt meir plass enn dette. Han skriv og skriv. I dei fyrste kapitla vert kvar og ein av hovudpersonane introduserte, med endelause historier om kva dei har gjort før, kva dei gjer på akkurat no, og kva dei kunne tenkja seg å gjera. Det går så makelaust seint, og når personane også er heller uinteressante, vert det altså ikkje mykje att å skryta av.

Av og til snakkar eg litteratur med kulturjournalisten i lokalavisa. Han irriterer seg over at alle romanar skal vera så lange no for tida. Eg plar ikkje vera samd med han i det, men etter at eg las denne ser eg absolutt poenget hans.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Franzen på kulturguffebloggen
The Corrections (2001)
Freedom (2010)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar