21. oktober 2010

Morten A. Strøksnes: Et mord i Kongo (2010)

Ein skal ha vore bra isolert det siste året viss ein ikkje skjønar kva mord dette er snakk om. To nordmenn, Tjostolv Moland og Joshua French, var på veg gjennom jungelen i Kongo, då sjåføren av bilen deira vart drepen. Kanskje av dei, kanskje av nokon andre. Dei vart arresterte, og har vel så langt vorte dømd til døden tre gonger.

Det er uråd å vera sikker på at dei drap sjåføren. Det er vanskeleg å sjå noko motiv. Det er òg uråd å sjå at dei to, som begge hadde god røynsle frå Afrika, og som begge var eller hadde vore yrkesmilitære, hadde noko å tena på å vera to kvitingar langs den eine vegen gjennom jungelen, mistenkte for eit mord. På den andre sida er det vanskeleg å sjå korleis nokon andre kunne ha gjort det. Det måtte i tilfelle ha vore ein av dei to andre kongolesarane som sat på med bilen. Ein hypotese er at dei to og sjåføren eigentleg ville ta livet av Moland og French, og at noko gjekk gale.

Uansett er det tydeleg at dei to nordmennene heldt på med noko fishy business. Dei hadde med seg våpen, og på PC og kamera og mobil låg det ei rekkje dokument og bilete som viste at dei heldt på med lugubre aktivitetar. Og så er det det famøse biletet der Moland vaskar vekk blod frå bilsetet.

Her er mange spørsmål rundt denne saka, og Strøksnes reiser til Kongo for å verta litt klokare. Hadde det vore andre enn han hadde eg truleg ikkje kjøpt denne boka, eg er langt under middels interessert i kva som skjedde i mai 2009, og kva som skjer med dei to som framleis er fengsla. Men Strøksnes er ein glimrande forfattar, slik han òg viste i Rett vest. Han er uredd, var han ikkje det ville han aldri reist til Kongo.

Han møter mange av dei som var innblanda i saka, mellom anna Moland og French, og skriv godt om møta med desse. Han er litt overraska over at French framstår som den mest reflekterte og som leiaren av dei to, og vert imponert då han ein dag brått siterer "Likfunn" av Jakob Sande og "Du må ikke sove" av Arnulf Øverland. Han stolar ikkje på alt dei seier, men i løpet av tida han er i Kongo kjem han i alle fall tettare inn på dei.

I Kongo går ikkje alt etter læreboka. Strøksnes er aldri heilt trygg, etter kvart er cella til Moland og French den einaste plassen han ikkje ser seg over skuldra. Verst er det når han saman med to andre køyrer inn i jungelen for å sjå staden drapet skjedde, og staden lengre inne der Moland vart arrestert. Ein kveld han sit og drikk saman med lokale leiarar, vert ein av dei, godt rusa, overtydd om at Strøksnes er anten Moland eller French, og at han ikkje bør reisa vidare. Frå då av og til Strøksnes omsider kjem seg ut av byen, går han på nerver heile tida.

Boka gjev ikkje svar på spørsmålet om kven som tok livet av sjåføren. Tvert om, ho stiller berre fleire spørsmål. Moland og French byggjer sjølv opp under alt som er uklart, og seier til Strøksnes at same kor mykje han grev, vil han og andre som leitar ikkje finna ut meir enn ti prosent av alt dei dreiv på med. Viss det stemmer, kan det ikkje vera tvil om at dei to har ei dårleg sak.

Guffen tilrår.

Meir Strøksnes på kulturguffebloggen
Automobil (2005)
Rett vest (2009)
Tequiladagbøkene gjennom Sierra Madre (2012)
Havboka (2015)
Lumholtz' gjenferd (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar