15. april 2023

Eg har ord (2023)

For ein flott film, laga av rapparen Runar Gudnason. Det er dels ein sjølvbiografisk film, men det er så mykje meir. Filmen er varm, sjarmerande, morosam, og full av gode karakterar eg gjerne skulle sett meir av.

Gudnason flytta til Danmark midt i 1990-åra. Han vart fascinert av rap-miljøet er, og finn ut at han vil laga ein dokumentar om dei danske rapparane. Han filmar alltid, men det er òg alt han gjer: Han prøver å gjera eit formelt intervju med nokre av dei, men innser sjølv at det ikkje fungerer. Han får ikkje pengar til å fullføra filmen og legg prosjektet vekk, men tek heldigvis vare på alle opptaka. Han vert i staden rappar sjølv, med gruppa Side Brok. Eitt av dei beste klippa frå gamle dagar er når danskane utfordrar Gudnason til å rappa litt for dei. Han greier det ikkje. 

Til denne filmen har han gjort nye intervju med nokre av danskane. Ein av dei snakkar om korleis rapparar som lagar musikk leikar seg, dei hentar fram barnet i seg. Det trur eg Gudnason kjenner seg att i, men samstundes kan det henda at han merkar at det kjem nye generasjonar. Gudnason har no flytta attende til Hovdebygda, men Sonen Sigurd bur framleis i København. Mange av scenene viser korleis far og son samarbeider om musikk, og her er det sonen som leikar seg. Dei fyrste bidraga til faren vert dømde nord og ned av sonen, som bruker ord som "seriøs" og "kjedeleg" om det faren har gjort. Det endrar seg litt i mot slutten av filmen, der dei samarbeider om ein song. 

Tilhøvet mellom far og son er eit viktig element i filmen, og Gudnason snakkar òg om far sin. Han vart farlaus då han vart femten, men snakkar varmt om korleis faren introduserte han for musikk og annan kunst. Gudnason snakkar forresten godt (og visuelt) om det meste. Ein fellesnemnar for alle rapparane er gleda over språket, gleda over å bruka språket, å finna gode rim og gode ordspel. Når Gudnason tek på seg forteljarrøysta er kommentarane ofte rytmiske, ofte rimar dei, og gradvis liknar dei meir og meir på raptekstar.

Ein fin, fin film, som diverre ikkje ser ut til å få spesielt omfattande distribusjon.

Guffen tilrår. 

Meir Side Brok på kulturguffebloggen
Heimegutar (2009)
Kjell Andreas Oddekalv: Side Brok. Høge Brelle (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar