26. april 2023

Bjørn Olav Jahr: Drapene i Baneheia (2018)

Alle hugsar drapa i Baneheia. To jenter vart meldt sakna og vart funne drepne to dagar seinare. Etter nokre månader melde politiet at dei hadde arrestert to unge menn. Dei var brennsikre på at dei hadde fanga dei rette, og begge to vart dømde. Dei hadde funne DNA frå den eine, Jan Helge Andersen, og han snakka bestekameraten sin, Viggo Kristiansen, inn i saka - i fylgje Andersen tvinga Kristiansen han til å vera med på dette.

For eit halvt år sidan vart Kristiansen frifunnen for drapa, og det er vel slik at saka til Andersen skal opp på nytt. Han har sona for drapet på den eine jenta; alt tyder på at han òg drepte den andre. I prosessen fram mot frifinninga av Kristiansen var denne boka viktig. Jahr går gjennom materialet frå rettssaka og konkluderer med at den einaste moglege forklaringa er at Andersen var åleine om brotsverka. 

Jahr legg all, absolutt all, sympati hjå Kristiansen, og meiner at det er fire grunnar til at han vart dømd. Den falske tilståinga til Andersen. Omtalen i media. Politiet sin iver og vilje etter å få dømt nokon for drapa. Den litt for passive og forsiktige advokaten hans. 

Det er altså ei viktig bok, sjølv om ho har sine manglar. Her er mange repetisjonar, og språket er ikkje spesielt spanande. Eg har òg ei kjensle av at han ikkje trong å skildra sjølve drapa så pass inngåande og detaljert - eg trur nok poenga hans ville kome fram likevel. 

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar