30. april 2023

De siste dødsdømte (2023)

Endå meir andre verdskrig. Eg klagar av og til at det vert laga for mange filmar om krigen, og at det snart må vera tomt for meiningsfulle tema å ta opp. Av og til dukkar det likevel opp noko heilt nytt, slik som denne serien. Han handlar om dei 25 nordmennene som vart dømde til døden i åra etter at krigen var over, men han handlar òg om noko meir: Gjennom alle episodane er sjølve dødsstraffa eit tema. Er dette noko Noreg, som eit rimeleg sivilisert land, kan halda på med? Eksilregjeringa i London vedtok å innføra dødsstraff i 1942; Stortinget drøfta saka fleire gonger etter krigen, men det var ikkje før i 1948 at dei røysta for å avskaffa straffa igjen.

Kvar av dei åtte episodane handlar om éin som vart skoten. Alle er menn, dei fleste er unge, mange har hatt eit vanskeleg liv, nokre har kjempa for tyskarane på Austfronten før dei kjem attende til Noreg og vert angjevarar eller torturistar. Serieskaparane har funne ein slektning av kvar av desse, og me følgjer desse på vegen mot større innsikt i livet til han som vart skoten. Det er litt rart at nokre av dei verkar aldeles uvitande om kva som har skjedd, eg ville trudd at dei var nyfikne nok til å grava litt. Det har då òg nokre av dei gjort. Me får òg høyra nokre av offera deira fortelja, og me møter professorar og historikarar som kjenner sakene godt. Og me vert presenterte for nokre få, modige menn som argumenterte mot dødsstraff alt rett etter krigen.

Ein svært fengslande og god serie, som får godt fram kva stemning som herska i desse åra, og som òg viser at det er litt tilfeldig kven som datt ned på feil side.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar