3. september 2022

Alfred Fidjestøl: Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007)

Per Sivle levde eit innhaldsrikt liv. Han gjorde mykje, men han burde og kunne ha gjort mykje meir. Han gjorde fleire dårlege val, han nytta ikkje ut potensialet litt, kanskje mest grunna at han drakk altfor mykje. Slik sett er tittelen på denne boka presis, og han vert endå meir presis når me veit at Sivle var 47 år gamal då han tok livet sitt.

Der var nok av dramatiske hendingar og vendingar i livet hans. Mora prøvde å ta livet sitt eit par månader før Sivle vart fødd. Han vaks opp i ulike fosterheimar. Han vingla mellom fleire utdanningar, før han av helsegrunnar måtte gje opp studia. Han skreiv nokre gode dikt, men òg mange dårlege, og den einaste romanen han skreiv er nærmast uleseleg. Han var redaktør i Kristianiaposten, og kom då på kant med folk han eigentleg var på lag med. Han hadde eit høgst anstrengt forhold til faren. Han greidde aldri å skapa ein god heim for familien. Og då han tok livet sitt i 1904 hadde han varsla det i fleire månader.

Fidjestøl fortel dette og meir til på ein eksemplarisk måte. Han har gravd fram ei rekkje kjelder, og han bruker desse godt. Han er sympatisk innstilt til Sivle, men kvir seg ikkje for å kritisera der det høver seg slik. Boka er òg flott bygd opp - Fidjestøl opnar med å fortelja lågmælt om sjølvmordet til Sivle, før resten av boka kjem kronologisk. Slutten er gripande, der kona Wenche reiser inn til Kristiania og finn Sivle på eit hotellrom. Ho veit ikkje det han veit: Om nokre timar skal han ta livet sitt. Boka sluttar med at ho kviskrar "Bli med heim til Drammen! Bli med heim til Sussi og meg! Bli med meg heim!"

Guffen tilrår.

Meir Sivle på kulturguffebloggen
Streik (1891)
Anders Hovden: 
Per Sivle. Ei livssoge (1905)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar