28. mars 2015

Kvinner i for store herreskjorter (2015)

Dette var rart. Eg las romanen Vente, blinke, skriven av Gunnhild Øyehaug, då han kom ut for nokre år sidan, og vart djupt imponert. No er han filmatisert, og det var opplagt at eg ville sjå han. Men medan eg sleit meg gjennom den obligatoriske kinoreklamen prøvde eg å hugsa kva filmen handla om. Det meste var gløymt, og det vart ikkje betre då filmen kom i gang. Dette var som å sjå ein filmatisert versjon av ei bok eg ikkje hadde lese.

Og det er sjølvsagt eit heilt greitt utgangspunkt for å sjå ein film, det er ikkje noko krav om at dei som ser filmen skal ha lese boka fyrst. Hovudpersonen er litteraturstudenten Sigrid Auge, som får eit kort forhold til den suksessrike forfattaren Kåre Tryvle. To andre kvinner har òg sentrale roller - den høggravide performance-kunstnaren Trine, og den meir jordnære og til dels livstrøytte trelastarbeidaren Agnes. Dei to siste har mykje med kvarandre å gjera; Sigrid snakkar aldri med nokon av dei. Sigrid er ein litt forsiktig student, men som finn ut at ho må ta meir sjansar, og som finn ut at ho vil ha den kjende forfattaren. Han vrakar henne, og det ser ut til å gje Sigrid ein piff - det luktar at ho vil ta litt meir kontroll over eige liv, som det heiter.

Det tek litt for lang tid før filmen engasjerer, den fyrste halvdelen er relativt stilleståande. Det tek seg opp mot slutten, men kanonbra vert det aldri. Og sjølv om det ikkje var nokon toppfilm, gav han meg i alle fall lyst til å lesa boka igjen.

Guffen er lunken.

Meir Øyehaug på kulturguffebloggen
Undis Brekke (2014)
Draumeskrivar (2016)
Presens maskin (2018)
Vonde blomar (2020)
Hjartet i skalkeskjulet (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar