9. august 2021

Annie Ernaux: Årene (2008)

Det er ikkje ofte eg les franske bøker. Denne boka fekk mykje skryt då ho kom på norsk i fjor, og det skrytet er vel fortent. 

Eg kjenner minimalt til Ernaux, men ut frå det eg har skumlese på nettet ser det ut til at det ho skriv har utgangspunkt i hennar eige liv. Slik er det i denne boka, og ho var valt ei god løysing. Med ujamne mellomrom studerer forfattaren eit fotografi, der ho som er med på alle bileta vert omtalt som "hun". Fotografia kjem i kronologisk rekkjefylgje, og innimellom foto-tekstane kjem det lengre bolkar som handlar om "vi". Ernaux skriv altså dels si eiga historie, dels historia til Frankrike (og andre delar av verda). 

Det heile tek til i 1941, året etter at Ernaux vart fødd. Me møter ei jente som gradvis vert kvinne, som finn seg ein veg gjennom livet. Som eldre kvinne ser ho tilbake på livet - ho ser at ho har (og har hatt) eit heilt anna liv enn foreldra, og ho ser òg at ho er heilt annleis enn neste generasjon. Ho viser altså godt, med både lokale og kvardagslege og meir globale og spesielle hendingar, korleis verda har endra seg sidan 1940. 

Boka er altså finfint disponert. Omsetjinga verkar framifrå, og Ernaux kan òg trylla fram finfine uttrykk. Hovudpersonen i boka arbeider som lærar, og ho stiller spørsmål ved om ho "hadde lært elevene noe som helst, drev vi ikke egentlig og syklet ved siden av sykkelen, og tjente skolen egentleg til noe?" 

Guffen tilrår. 

Meir Ernaux på kulturguffebloggen
Hendelsen (2000)
Sommeren 58 (2016)
Far. En kvinne (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar