Eg hadde aldri noko med Georg Johannesen å gjera, men han vart ofte nemnt dei åra eg studerte i Bergen. Han vart omtalt med respekt, og eg hugsar at ei eg kjende sa at ho vart ekstra nervøs før ein munnleg eksamen då ho såg at det var han som var ekstern sensor. Eg knytte han altså til universitetet, seinare fekk eg òg med meg at han hadde gitt ut nokre diktsamlingar, men det var om lag alt.
Denne boka viser at Johannesen var langt viktigare og langt større enn eg var klar over. Han vaks opp i Bergen, der han òg budde dei siste tiåra av livet sitt. Undervegs budde han fleire stader, mest i Oslo, og han gjorde svært mykje. Det slo meg undervegs at eg sjeldan les biografiar om personar eg veit så lite om - her vart eg jo overraska omtrent rundt kvar sving.
Han nekta til dømes militæret, og undervegs i tenesta på Hustad rømde han og vart seinare sett i fengsel. Han var ein stor lyrikar, og diktsamlinga Ars moriendi vart i 1990 kåra til den beste diktsamlinga på 1900-talet. Han var politisk aktiv, vart tidleg utestengt frå Arbeidarpartiet og var med på etableringa av SF. Han levde tidvis som ein bohem. Han hadde mange forhold, men viss det skar seg med ei av dei kunne det skjera seg skikkeleg: Då mor til dotter hans flytta til Tromsø saman med dottera, braut Johannesen all kontakt med mora, og dei snakka aldri meir saman. (Då dei mange år seinare tilfeldigvis vart ståande i same heis i Oslo, lot den elles uredde og konfronterande Johannesen som om han ikkje såg ho.) (Og han hadde mykje kontakt med dottera.) Han skreiv fagbøker, og vart etter kvart statsstipendiar. Og kapitlet om den gongen han midt i 1980-åra slakta tekstane til nasjonalskalden Åge Aleksandersen er eit kapittel eg kjem til å lesa om att.
Boka fortel om eit innhaldsrikt og spanande liv. Fidjestøl har full kontroll over alt materialet han har samla inn, og skriv innsiktsfullt om Johannesen.
Guffen tilrår.
Meir Fidjestøl på kulturguffebloggen
Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007)
Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Askerkretsen (2014)
Mine kamper (2020)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar