Viser innlegg med etiketten Better Call Saul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Better Call Saul. Vis alle innlegg

28. januar 2023

Better Call Saul, sesong 6 (2022)

Hm. Dette var svært solid, men eg sat likevel igjen med ei kjensle av antiklimaks. Dette er den sjeete og siste sesongen, og der dei andre sesongane har 10 episodar har denne 13. Det kan tolkast som om dei hadde litt for mykje på hjarta. To ulike historier måtte avsluttast, og begge trong mykje plass.

Den fyrste historia fortel om det som skjedde før Breaking Bad. Der måtte to ting avklarast: Saul og Kim ville få til litt seriøs kødding med Howard Hamlin, og striden mellom Salamanca og Gustavo Fring måtte få ei løysing. Denne delen av sesongen er klart best, og her var det fleire episodar som kan måla seg med alt anna. Historia glitrar, det er spanande og vel så det, heilt fram til Hamlin og Lalo Salamanca er ute. 

Diverre sluttar den historia midt i sesongen. Resten av sesongen handlar (stort sett) om tida etter BB. Saul arbeider i eit kanelbollebakeri i Nebraska, men vert attkjent av nokon frå Albuquerque, og før han veit ordet av det er han igjen i gang med småkriminelle ting. Han vert teken av politiet og sendt tilbake til Albuquerque. Politiet veit det meste av det han har gjort, men han greier likevel nesten å pruta seg ned i ei uforskamma kort fengselsstraff. Heilt til han får høyra at Kim har tilstått det dei gjorde mot Howard. Her, omsider, sluttar han med bløffinga: Kim er den éine personen han ikkje vil noko vondt. Han endrar forklaringa, tek på seg all skuld, frikjenner Kim, og vert dømt til å sitja i fengsel resten av livet og vel så det.

Brotsverk løner seg altså ikkje. Det er jo heilt greitt, men det er ulikt Saul - det hadde nesten vore meir stas om han ikkje hadde endra seg. Og den siste delen av sesongen fengar altså mindre enn den fyrste, men likevel: Dette var verdt bryet. Ein god serie.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)

3. januar 2023

Better Call Saul, sesong 5 (2020)

Det er framleis stigning i denne serien. Det vert meir og meir kriminalitet og mindre og mindre rettsaker og advokat-nytt. Serien har for lenge sidan slått fast at Jimmy McGill/Saul Goodman er ein advokat som bruker all slags triks, også ulovlege, og då treng me ikkje like mange rettsaker. 

Der er rett nok litt kontakt med Howard Hamlin frå firmaet HHM. Han tilbyr Goodman arbeid. Goodman dreg heile tida på det, sjølv om det er opplagt at han er uinteressert. 

Goodman vert meir og meir involvert i Salamanca-familien sin handel og vandel. Lalo, den fascinerande psykopaten som dukka opp sist sesong, har tru på Goodman, og engasjerer han som advokat. Han er stornøgd med at Goodman får ordna det slik at Lalo kan sleppa ut mot kausjon. At kausjonen berre er på sju millionar dollar er ikkje noko problem. Det vert nok litt problematisk for Goodman då han må henta pengane, men heldigvis finst Mike.   

Det er ein vellukka sesong, der òg Hank og Gomez dukkar opp. Sesongen sluttar med to cliffhangerar: Saul og Kim legg planar for å herja så mykje med Howard Hamlin at den gode, gamle Sandpiper-saka vert avslutta, slik at Saul får alle millionane han er lova. Og Nacho prøvde å få Lalo drepen. Det gjekk ikkje, så det er opplagt at det vert bråk i neste (og siste) sesong.

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

26. november 2022

Better Call Saul, sesong 4 (2018)

Det har vore mumla om at denne serien tek seg opp etter kvart, og så langt ser det korrekt ut. Denne sesongen er den klart beste så langt, og eg trur grunnen er opplagt: Den førre slutta med at Chuck McGill, bror til hovudrolle-karakteren Jimmy McGill, tok livet sitt i ein husbrann, og då er den historielina vekke. Det kan sikkert argumenterast for at det noko problematiske forholdet mellom dei to brørne var viktig for utviklinga av Jimmy, men likevel: Dei scenene drog ofte (men slettes ikkje alltid) nivået ned.

Denne sesongen sonar Jimmy karantene som advokat. Han må likevel ha ei inntekt, og får seg jobb i ein mobil-butikk. I butikken er det ingen kundar, men han finn ei grei ordning likevel: Han oppsøkjer eit lugubert miljø og tilbyr telefonar der samtalane ikkje kan sporast, og får ein stor kundekrins. Sambuaren hans, Kim Wexler, vil ha ein meir spanande jobb, og glir gradvis vekk frå einmannsføretaket som berre jobbar for banken Mesa Verde. 

Det som likevel hevar serien er dei andre karakterane. Mike Ehrmantraut er glimrande, Gus Fring får ei større og større rolle, og dei ulike Salamanca-figurane er fengande. Dette lovar verkeleg bra før dei to siste sesongane.

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

3. oktober 2022

Better Call Saul, sesong 3 (2017)

Det er vel framleis ein serie over snittet, dette, men eg held fast ved det eg har sagt før: Det er ikkje like bra som Breaking Bad - langt ifrå. Kort fortalt handlar det om korleis Saul Goodman, advokatluringen frå Breaking Bad, vart Saul Goodman. Her heiter han framleis Jimmy McGill.

Som vanleg er der fleire gjennomgåande historietrådar. Den mest sentrale er vel krangelen mellom dei to brørne McGill. Begge er advokatar - Chuck er vellukka; Jimmy er ikkje heilt der. I den førre sesongen triksa Jimmy med nokre dokument Chuck arbeidde med, og det førte til at firmaet til Chuck gjekk glipp av ein stor kunde. Chuck vil ha hemn, og er like utspekulert som broren: Han lurer Jimmy til å tilstå kva han har gjort, og han tek like godt eit skjult opptak av dette. Det går til retten, der Jimmy på ein glimrande måte viser for dommarane at Chuck ikkje er heilt stabil. Chuck tek tapet tungt, og sesongen endar med at han (truleg) tek livet sitt.

Det er likevel ikkje denne historia som fengar mest. Som sist er det meir dramatikk og spaning og gode vendingar knytt til Mike Ehrmantraut. I denne serien imponerer han sjølvaste Gus Fring så mykje at Fring tilbyr han jobb. I utkanten av denne historia handlar det om knivinga om å kontrollera dop-handlinga i Albuquerque, der Fring og Salamanco seglar opp som hovudmotstandarar.

Så ja, her er mykje bra, og det er alltid kjekt å sjå ein BB-karakter dukkar opp, men her er fleire livlause episodar her enn i BB.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

6. september 2022

Better Call Saul, sesong 2 (2016)

Den sjette og siste sesongen av Better Call Saul vart nett fullført, og nokre stader stod det om at serien sett under eitt var betre enn Breaking Bad. Eg er berre komen til sesong to, men så langt plasserer serien seg på eit noko lågare nivå. Eit par av episodane i denne sesongen var ikkje spesielt pirrande.

Her er, grovt sett, to separate handlingar. Me veit at dei kjem til å smelta saman, serien fortel om hendingar som skjedde før Breaking Bad. Jimmy McGill kjempar det han kan for å verta akseptert som advokat, og for å få det til tøyer han dei etiske advokat-grensene. Han har eigentleg berre ein alliert i advokat-miljøet, kjærasten Kim Wexler. McGill er på nikk med Mike Ehrmantraut, ein tidlegare politimann som òg stort sett er i eit etisk grenseland. Historia hans er langt meir spanande enn historia til McGill. Han triksar og miksar med den mektige og farlege Salamanco-familien, og greier seg godt. Sesongen sluttar med at han prøver å ta livet av sjølvaste Hector Salamanco. Han vert avbroten på ein fiffig måte, truleg av ein gamal kjenning frå Breaking Bad.

Det er finfine bilete, og sjølv om det var litt å trekkja nokre stader er serien eit godt prov på at Vince Gilligan er ein glimrande historieforteljar. Rykta seier at serien vert betre og betre, så me held nok fram i kjent stil.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

19. juli 2022

Better Call Saul, sesong 1 (2015)

Denne serien handlar om livet til den litt ruskete advokaten Saul Goodman, slik det gjekk føre seg før Breaking Bad. Eg var lenge skeptisk til om eg skulle sjå han, eg er vel generelt skeptisk til slike spinoff-seriar, men mange har snakka varmt om han. Heilt på nivå med Breaking Bad er det (sjølvsagt) ikkje, men opningssesongen var aboslutt lovande.

Me hoppar litt i tid og rom. Samtidshistoria handlar om at Saul Goodman (som så langt går under det eigentlege namnet sitt, Jimmy McGill) prøver å etablera seg som advokat i Albuquerque. Broren er ein av dei mest respekterte advokatane i byen, men har diverre fått for seg at han er allergisk mot straum og slikt. Draumen om eit godt liv som advokat går slettes ikkje etter planen, sjølv om han har ein god nase for å finna potensielle saker.

Ved tinghuset møter han ofte parkeringsvakta Mike Ehrmantraut, som me hugsar godt frå Breaking Bad. Eit par av episodane handlar om livet hans før serien tek til - han var politi, men tøydde reglane litt langt og måtte reisa/flykta frå Philapelphia. 

Både Goodman og Ehrmantraut er glimrande og fargerike karakterar, og viss det er slik at serien vert bygd opp rundt dei lovar dette bra. Her er mange uventa vendingar, det dukkar av og til opp gamle kjenningar, replikkar og filming er bra, og i opningssesongen var det to Marx Brothers-referansar. Eg held nok fram med neste sesong om ikkje lenge. 

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)