Viser innlegg med etiketten Tyskland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tyskland. Vis alle innlegg

29. desember 2025

Heinrich Böll: Katharina Blums tapte ære (1974)

På ein fest møter Katharina Blum ein mann ho tek med seg heim. Han vert der berre éi natt. Politiet er på sporet av han, av di han truleg er med i ein terrororganisasjon, og dei kallar Blum inn til avhøyr. Dei finn ikkje prov på at ho sympatiserer med den organisasjonen, og heller ikkje prov på at dei to faktisk kjende kvarandre før den natta. Det stoppar ikkje avisa Zeitung frå å skriva ei rekkje artiklar om henne. Dei finn heller ikkje prov på at ho har gjort noko gale, men fyller i staden artiklane med tynne påstandar og mange uavklarte spørsmål. Blum avtalar eit intervju med journalisten som har skrive dei fleste artiklane, og under det intervjuet tek ho livet av han.

Boka handlar altså om kor langt nokre aviser kan gå for å selja så mykje som råd. Eller - det er vel ingen grenser for kor langt dei kan gå. Dei intervjuar alle som kan ha hatt noko med Blum å gjera, og vrir og vender på svara deira. På det viset forsterkar dei det feilaktige inntrykket dei alt har skapt. 

Heinrich Böll vann nobelprisen i litteratur to år før denne boka kom ut. Boka er finfin, og det er jo alltid kjekt med romanar som kommenterer og kritiserer samfunnet rundt seg. Det einaste som trekkjer ned er språket, som er stivt og fullt av halvgode formuleringar, men det kan jo henda at det var meir elegant i den tyske originalteksten.

Guffen tilrår.

16. november 2025

Uli Hesse: Tor! (2003)

Ein av blurbane frampå denne boka seier at denne boka er without question the most entertaining historical football book ever written. Det er kloke ord. Det er underhaldande, men det er òg innsiktsfullt. Boka er kronologisk bygt opp, men måten Hesse disponerer kapitla på er eksemplarisk. Dei av oss som ikkje kjenner alle detaljane i historia frå før vert stadig overraska over uventa hendingar.

Der er mykje å ta av. Bundesliga vert i dag rekna som ein av dei fem store ligaane i Europa, men det var ikkje før i 1963 at Tyskland fekk ein nasjonal liga. Fram til dess var det fleire regionale ligaer, og så lenge Tyskland var delt i Aust og Vest var det sjølvsagt òg to ligaer. Hesse vekslar mellom å skriva om ligafotball og landslagsfotball, og noko av det som gjer forteljinga så god er at det vekslar mellom opp- og nedturar. 

Men Hesse har altså òg eit godt auge for dei fargerike personane og dei gode historiene. Han skriv om korleis Bayern München lenge har vore det minst populære klubblaget i Tyskland, på same måte som Manchester United har vore det i England. Dei to laga møttest i Meisterliga-finala i 1999, og Hesse fortel om ein annan journalist som såg kampen i ein fotball-pub i Berlin: Halvparten av dei som var der var engelske og heia på Bayern München; dei tyske som var der heia på Manchester United. Han fortel om då Stefan Effenberg vart overtalt til å gjera comeback på landslaget før VM i 1998. Han fekk med seg to kampar før han melde frå at dette gadd han ikkje likevel.

Boka har kome i fleire, oppdaterte utgåver: Den eg las var frå 2022.

Guffen tilrår.

Meir fotball på kulturguffebloggen
Odd Iversen og Odd Vanebo: Fotball er mitt liv (1975)
Andreas Hompland: Sogndal e laget (1982)
Jon Haaland: Tommy (1982)

Ola Chr. Nissen: Mini (1992)
Paul McGuigan og Paolo Hewitt: The Greatest Footballer You Never Saw (1997)
John Aizlewood: Playing At Home (1998)
David Peace: The Damned United (2006)
Jonathan Wilson: Inverting the Pyramid (2008)
Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz: Jeg er Zlatan (2011)
Simon Kuper: The Football Men (2011)

Rob Smyth og Georgina Turner: Jumpers for Goalposts (2011)
Rob Smyth, Leif Eriksen, Mike Gibbons: Danish Dynamite (2014)
Rob Smyth og Scott Murray: And Gazza Misses the Final (2014)
Martin Fletcher: 56. The Story of the Bradford Fire (2015)
Diego Maradona (2019)
Steffen (2020)
Alfred Fidjestøl: Mine kamper (2020)
Nils Henrik Smith: 11 meter (2020)
Nils Henrik Smith: Entusiasme og raseri (2021)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 1 (2021)
Alt for Norge (2021)
FIFA Uncovered (2022)
Fever Pitch! The Rise of the Premier League, sesong 2 (2023)

Og litt Arsenal på kulturguffebloggen
The Gooner (1987-)
Nick Hornby: Fever Pitch (1992)
Fynn og Whitcher: Arsènal (2009)
Peter Storey: True Storey (2010)
Andrew Mangan (red.): So Paddy Got Up (2011)
Philippe Auclair: Thierry Henry. Lonely at the Top (2012)
Dennis Bergkamp: Stillness and Speed (2013)
Patrick Barclay: The Life and Times of Herbert Chapman (2014)
Mangan og Allen: Together (2014)
Fynn og Whitcher: Arsène and Arsenal (2014)
Amy Lawrence: Invincible (2014)
Tony Adams: Sober (2017)
Alan Smith: Heads Up (2018)
Amy Lawrence: 89 (2019)
Arsène Wenger: My life in Red and White (2020)
Arsène Wenger. Invincible (2021)

19. mai 2025

Thomas Mann: Døden i Venezia og to andre noveller (1913)

Det er vel dette eg vanlegvis skriv etter å ha lese ei bok i klassikar-serien til Skald: Det aller finaste med å vera abonnent her er at eg får tilsendt bøker av forfattarar eg truleg burde ha lese noko av. Thomas Mann er ein slik forfattar. Det står minst éi bok av han ein stad i huset, men eg trur ikkje eg har lese noko av han før.

Gav dette meirsmak? Nja. Her er tre noveller i boka - "Tonio Kröger", "Døden i Venezia" og "Mario og trollmannen". Dei to fyrste er rimeleg like i tone (og innhald), den siste er meir lystig. "Tonio Kröger" er noko langdryg, der hovudpersonen/forteljaren legg ut på ei reise gjennom Europa. Både i denne og i "Døden i Venezia" er hovudpersonen forfattar, og begge desse forfattarane ser ut til å vera over snittet interesserte i unge, vakre gutar. "Døden i Venezia" er betre, der forteljaren endar opp i Venezia. Byen vert råka av ein dødeleg epidemi, men han greier ikkje reisa vekk - han vil vera der den unge guten han drøymer om er. 

"Mario og Trollmannen" handlar om ei framsyning på eit sirkus, der ein hypnotisør trollbind publikummet sitt. Trollmannen (i den siste novella) og forteljarane (i dei to fyrste) har noko til felles: Dei skapar illusjonar som folk kan gå inn i. 

Guffen er lunken. 

19. juli 2023

The Fire Within (2022)

Ein merkeleg film, og ein uvanleg flott film. Det handlar om ekteparet Katia og Maurice Krafft. Dei reiser verda rundt for å filma vulkanar (og, i litt mindre grad, andre naturfenomen). Alt me ser er deira eigne opptak, og det heile vert kommentert i eit veldig roleg tempo av regissøren av filmen, Werner Herzog. 

Det heile opnar med slutten: Saman med andre filmfolk gjer dei seg klare for å filma eit vulkanutbrot i Japan i 1991. Herzog fortel at dette vart det siste dei gjorde, før me går tilbake i tid, og følgjer livet deira kronologisk. Og Herzog seier det som det er: Dei fyrste opptaka er dårlege, det er tydeleg at dei gjer seg kjende med kamera og filmteknikk.

Men i den siste halvdelen av filmen har dei fått det til. Herxog snakka sjeldnare og sjeldnare, og me ser berre dei usannsynleg vakre bileta av vulkanar og lava. Flotte fargar og flotte formasjonar, alt er like fengande filma. For ein flott film.

Guffen tilrår.

17. oktober 2021

Johan Wolfgang von Goethe: Valskyldskapane (1809)

 

Endå ei bok frå Skald-serien med omsette klassikarar. Boka kom rett nok i hus for eit par år sidan, men det er like stas kvar gong ei ny bok i serien kjem. Av og til er det bøker av forfattarar eg har lese frå før, av og til er det forfattarar eg ikkje har lese noko av, av og til er det heilt nye namn. Eit glimrande tiltak, med andre ord.

Goethe er ein av dei eg ikkje har lese noko av frå før, og eg er litt usikker på om boka gav meirsmak. Heile boka gjorde det i alle fall ikkje, men tidvis var dette verdt bryet. Romanen handlar om ekteparet Eduard og Charlotte. Dei bur på eit rikt og stort gods. Dei får besøk - fyrst av ein som berre vert omtala som kapteinen, deretter at den noko yngre Ottilie. Gradvis vert dei to ektefellene opptekne av dei to gjestane, Eduard tenkjer berre på Ottilie, Charlotte er litt meir forsiktig i måten ho tenkjer på kapteinen. Det går mot eit brot, men så viser det seg at Charlotte er gravid (med Eduard). 

Han treng ein pause, reiser i krigen, men kjem attende for å finna ut av alt saman. Det spissar seg til mot slutten, med fleire vendingar som nærmast er melodramatiske. På omslaget står det at nokon har lese romanen som ein parodi på samtidslitteraturen. Eg kjenner altså ikkje til forfattarskapen til Goethe og veit lite om korleis han skreiv til vanleg, men mange av dialogane og nokre av hendingane fekk meg òg til å tenkja på at dette må vera meint parodisk.

Den fyrste halvdelen av boka er grei, og slutten er òg underhaldande. Men der kjem ein lang bolk rundt midten av boka som ikkje var vidare interessant.

Guffen er lunken. 

19. oktober 2019

Falskmynterne i Sachsenhausen (2007)

Ei sann historie frå krigen. I konsentrasjonsleiren Sachsenhausen dreg tyskarane i gang ein massiv produksjon av falske setlar. Målet er å påverka økonomiane i Storbritannia og USA, og fangar med særskilte talent får oppdraget med å produsera setlane. Dei har høgare status enn andre fangar, og får betre sengar og betre mat enn dei andre. Å laga pund-setlar går glimrande, men når dei skal laga dollar er det ein av dei som saboterer heile tida. Dei får ein frist - får dei ikkje skikk på det i løpet av seks veker vert fem av falskmyntarane drepne. Hovudpersonen i filmen greier det (utan hjelp frå sabotøren), men før det vert storproduksjon av dollar tek krigen slutt.

Det finst mange rare historier frå andre verdskrigen, og dette er definitivt ein av dei. Filmen er heilt grei, der nokre av falskmyntnarane har ulike haldningar til jobben. Hovudpersonen er ein røynd banditt, ein falskmyntar, og for han er samarbeid med tyskarane ein ny måte å overleva på. Ein annan, sabotøren, er politisk fange, og meiner at dei bør kjempa mot nazistane også her, sjølv om det kan føra til at dei misser livet.

Guffen tilrår.

3. januar 2019

Georg Büchner: Lenz (1839)

Forfattaren Lenz er trist til sinns. Han har gått frå vener og familie, og opp i fjellea, der han søkjer tilflukt hjå presten Oberlin. Han ser ting, han høyrer ting, han vert skremd, han kjenner seg sjeldan heilt trygg, og det verkar mest av alt som om han er på veg ut av livet - anten grunna plagene sine, eller av di han vil det sjølv.

Det er ein kort og intens tekst. Alt etter nokre få setningar kjem dei fyrste teikna på at Lenz held på å missa forstanden - etter nokre skildringar av naturen han går gjennom står det at han ikkje brydde seg om kvar han gjekk, og at han somme gonger ynskte at han kunne gå på hovudet. Slik held det fram, og det er kanskje like greitt at boka ikkje er lengre - det kunne vorte for intenst.

Boka er omsett av Jon Fosse, og kjem ut i den framleis like glimrande klassikar-serien til Skald forlag.

Guffen tilrår.

17. desember 2018

James Hawes: The Shortest History of Germany (2017)

Marit og eg var i Berlin for mange år sidan. Me vart fascinerte av byen, slik mange vert, og snakka om korleis det ikkje er mange byar som har ei så rik historie. Eg har ei kjensle av at eg såg litt halvhjarta etter ei bok om tysk historie då eg var der. Eg fann ingen ting, i alle fall ikkje på eit språk eg forstod.

Dette hadde eg gløymt i mange år, heilt til eg fann denne boka i ein bokhandel i Bergen. Det er ei svært komprimert historie bok, grovt rekna er det 2000 år på 200 sider. Det går altså fort, men det går aldri for fort til at Hawes misser kontrollen. Boka er delt inn i fire hovudkapittel. Kvart av desse handlar om 500 år, og det er sjølvsagt dei 500 siste som får mest plass.

Han ser fleire lange liner. Det vert fort opplagt kvifor dei som lærte historie då dei gjekk på skulen var opptekne av elver. Dei to viktigaste elvene i Tyskland er Rhinen og Elbe. Dette var grenseelver, og er det framleis i Tyskland i dag. Aust for Elbe er rota til alt vondt - det var her det preussiske riket oppstod, det var her nazipartiet hadde størst støtte, det er her AfD har mest støtte i dag. Om nazipartiet skriv Hawes mellom anna at om ein skal koka nazi-sympatiar ned til eitt einaste ord, er det religion. Område med overvekt av protestantar støtta nazistane; område med overvekt av katolikkar støtta andre parti. I sørvest-Tyskland, vest for Rhinen og langt vest for Elbe, stod katolikkane så sterkt at nazistane ikkje våga å avretta ein pater som fordømte nazi-politikken under andre verdskrigen - dei var redde for at det ville føra til borgarkrig.

Guffen tilrår.

Meir Hawes på kulturguffebloggen
The Shortest History of England (2020)

29. april 2018

Der Untergang (2004)

Ein film som har undertittelen "Det tredje rikets siste dager" er sjølvsagt ikkje nokon gladfilm, men det er ein veldig god film.

Rammeforteljinga handlar om Traudl Junge. Det opnar med at ho i 1942 får jobb som privatsekretær for Adolf Hitler. Eller - det opnar med eit utdrag av eit intervju med Junge, teke opp mange år seinare. Filmen hoppar til april 1945, då alle skjønar at krigen er så godt som over. Dei tyske leiarane er samla i ein bunker under Berlin, og den einaste som trur at krigslukka kjem til å snu er Hitler sjølv. Alt raknar, folk flyktar, men han trur det skal snu. Heilt til han òg gjev opp, og han tek livet sitt. Junge greier å flykta.

Det er altså ein god film. Me er nede i bunkeren så godt som heile tida, slik at filmen får godt fram korleis dei som er der ikkje har nokon utveg. Og Bruno Ganz, som spelar Hitler, er aldeles overtydande. Når han snakkar med Junge eller med hundane sine er han heilt i balanse; når han snakkar med generalane om framdrifta i krigen er han så til dei grader rabiat.

Guffen tilrår.

17. februar 2014

Klaus Walter: The Go-Betweens. The Songs of Robert Forster and Grant McLennan (2008)

Dette har eg ikkje kjøpt på lenge, viss eg i det heile har kjøpt det før: Ei songbok, der ein kan læra seg å spela (og/eller syngja) songane til kjende eller ukjende artistar. Eg kjøpte ikkje boka for å læra meg songane til Go-Betweens, sjølv om her er mange godbitar blant dei bortimot tretti songane i boka.

Det eg kjøpte boka for var den lange opningsartikkelen. Ei omfattande og detaljert historie om bandet verka forlokkande. Eg har lese ein biografi om Go-Betweens, men den slutta rundt 2002, tre år før Grant McLennan døydde. Artikkelen i denne boka inkluderte heile historia, trudde eg, men eg tok feil. Heldigvis.

Artikkelen er ikkje noko biografi; det er meir eit forsøk på å skildra kva som gjorde bandet så stort. Forsøket er meir enn vellukka. At forfattaren, Klaus Walter, er tysk, er neppe tilfeldig - bandet var store i Tyskland, og viss eg hugsar rett, budde Robert Forster der i nokre av åra Go-Betweens hadde pause.

Walter viser overtydande korleis Forster og McLennan var noko heilt anna. I Australia skilde dei seg enormt ut, der var macho-rocken dominerande. Go-Betweens var feminine, gjekk gjerne i kvinneklede, kunne godt sminka seg litt, og hadde ei jente i bandet. Gjennom heile karriera si skreiv dei songar om kvinner - kvinner som arbeidde i bokhandlar, kvinner som budde åleine, gamle kvinner, unge kvinner, kjende kvinner, ukjende kvinner. Dei ignorerte òg alt som var av trendar - alt som skjedde av techno og rap og grunge og alt det andre gjekk dei berre hus forbi.

Guffen tilrår.

Meir Go-Betweens på kulturguffebloggen
Liberty Belle and the Black Diamond Express (1986)
David Nichols: The Go-Betweens (2003)
The Go-Betweens. That Striped Sunlight Sound (2006)
Robert Forster: The 10 Rules of Rock And Roll (2011)
Robert Forster: Grant and I (2016)
Tracey Thorn: My Rock'n'Roll Friend (2021)

10. mars 2012

Det hvite båndet (2009)

Tyskland, rett før fyrste verdskrigen. I ein liten landsby skjer det fleire mystiske valdelege hendingar. Dokteren rir rett inn i ein tynn vaier som er spent over vegen, to gutar vert kvar for seg mishandla, og eit hus vert påtent. Ingen veit kven som står bak. I staden for å henta inn politi og fagfolk, prøver innbyggjarane halvhjerta å finna ut av det sjølv. Det heile vert fortalt av ein lærar som mange år seinare tenkjer tilbake på det som hadde hendt. Då rekna han med at det heile var gjort av fleire av dei eldste ungane i landsbyen. Han tok det opp med presten, men han vart så fornærma over at læraren mellom anna kunne mistenkja presteungane for det som hadde skjedd, at han trua med å få sett læraren i presten. Læraren droppa det heile.

Skal me sjå. Me er i Tyskland. Landsbyen er eit veldig autoritært samfunn. Viss læraren har rett, er det altså slik at store folkemengder mishandlar dei svake i samfunnet. Og dei som kunne ha stoppa det, ser berre vekk. Mykje tyder altså på at filmen prøver å visa korleis nazismen kunne veksa fram, nokre få tiår seinare. Det er eit interessant tema, men filmen har likevel eit stort problem.

Problemet er at filmen er altfor kjedeleg. Det går altfor seint framover. Det som kunne vore ein langt meir spanande og engasjerande film, vert i staden ein film der ein kjedar seg. Kameraet står stort sett heilt i ro, og filmar flotte oversiktsbilete av landsbyen eller områda rundt, eller nærbilete av personane i filmen. Det står heilt i ro, folk går av og til ut av biletet, slik at me får ei kjensle av at me ikkje får sjå alt som skjer. Det er òg eit problem at her er altfor mange folk med i filmen, også i den siste fjerdedelen av filmen var det slik at eg var usikker på om dette var forpaktaren eller baronen, og kva ungar dette eigentleg var.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

10. mars 2010

Tannhäuser (Den norske opera, Oslo, 10.3.10)

Opera kan vera litt av kvart, trur eg. I deler av omgangskrinsen har eg eit operastempel, av ulike grunnar. Det kan spela inn at eg saman med Øystein var vertskap for OperaDart-klubben på Møhlenpris; det kan vel òg spela inn at eg ved fleire høve har uttalt meg i overkant varmt om Wagner. I 1995 sette operaen i Oslo opp heile Niebelungen-ringen; hadde eg hatt meir pengar hadde eg fått med meg det. Brynjulv og eg snakka av og til om at me burde reisa på festspel i Bayreuth for å sjå Ringen der, men det vart det aldri noko av, diverre.

Ei Wagner-framsyning i Oslo er eit heilt greitt alternativ. I den gamle operaen såg eg ein gong Den flygande hollendaren, og eg hugsar enno kor magisk det var då spøkelsesskipet kom glidande fram or røyken på scena. Johan har fleire gonger sagt at han kan skaffa billettar til framsyningar, og sidan Tannhäuser fekk strålande kritikkar i veka som var, spurde eg om han kunne vera til hjelp. Eg hamna like godt i ein av vip-losjane, med fri utkikk både til scene og orkestergrav.

Det var stas. Opera kan jo vera litt av kvart, det er ikkje mange andre stader overvektige og oversminka mezzosopranar kan kle seg ut som budeier, ta på seg ein parykk med lange, tjukke fletter, og framstå som dei mest ettertrakta kvinnene i verda. Slik var det her òg, og dei hadde i tillegg henta fram minst eitt kostyme frå kvar einaste framsyning på nittenhundretalet. Scenografien var imponerande, det nye bygget har sjølvsagt ein del tekniske løysingar som driftsleiarane etter kvart har fått taket på. Eg kunne gjerne tenkt meg litt fleire valkyriar, men ein kan jo ikkje få alt.

Handlinga er som vanleg fort referert. Heinrich Tannhäuser slumpar til å koma i kontakt med ei gudinne som bur i Venusberget. Han kjem attende til Frelsesarmeen, der han i ein songkonkurranse kjem i skade for å nemna at han har hatt nærkontakt med ei dame. Han vert sendt til Roma for å be om tilgiving. Det får han ikkje, og Elisabeth, kjærasten hans, døyr før han kjem attende, truleg av sorg. Så kjem han heim, og døyr like godt han òg. Det var det. Operaen er ikkje akkurat ein sjanger som krev rask handling og kompliserte historier, så Wagner brukte truleg ikkje mange timane på å få på plass dei ytre rammene i historia. Eller librettoen. Eller kanskje han brukte lang tid - han skreiv mange ulike versjonar av Tannhäuser.

Operaen har tre akter. Opningsakta var sånn midt på treet, den siste var meir enn godkjent, men akta i midten var rett og slett fabelaktig. Solid synging, spesielt av ho svenske puslingdama som spelte Elisabeth. I denne akta var det tusenvis av songarar på scena, som alle tok i det dei kunne. I avslutninga fekk òg musikarane køyrd seg. Med ein bakgrunn som min sat eg og funderte på kva Wagner hadde fått til viss han hadde levd hundre år seinare, og brukt elektriske gitarar, platestudio, osb.

Guffen tilrår.