7. mars 2013

William Gay: The Long Home (1999)

Eit lite samfunn i dei amerikanske sørstatane er indirekte styrt av Dallas Hardin, ein hard mann som gjer akkurat som han vil med omsyn til lova. Spesielt velståande er han ikkje, pengane sine har han gravd ned, men med gode kontaktar i politiet lever han godt av å laga og selja alkohol.

Ti år tidlegare drap han far til Nathan Winer, ein ung mann som ei tid arbeider for Hardin. Dei skil lag etter at Winer vert saman med stedottera til Hardin, som har eigne planar for henne. Winer får gradvis vita kva som hadde skjedd med faren, men kjem aldri så langt at han får gjort opp med Hardin.

Innimellom alt dette møter me fleire personar, som alle har eit vanskeleg utgangspunkt i livet, og som alle slit med å få realisert draumane sine. Det er eit valdeleg samfunn, der alle kan sloss og der alle har våpen, og der løysinga på usemjer ofte er knyttnevane. Den einaste som har akseptert at livet ikkje vert meir enn dette er William Tell Oliver, ein eldre mann som med stor ro og stor rutine får med seg det meste som skjer.

William Gay var ein ukjent forfattar for meg. Boka vart tilrådd av Amazon. Det er debutboka hans, og han var 58 år då ho kom ut. Han må ha drive med noko anna enn skriving tidlegare i livet, men språket i boka viser at det ikkje er ein fersking som har skrive dette. Dialogane er suverene, og sjølv om mange av setningane kan verka tunge og lange, er dei likevel krystallklare. Han får òg sagt mykje med få ord - om Hardin, som altså mangla respekt for kvar einaste paragraf i lovboka, står det ein stad at han finn fram ein lighter: "The lighter was initialed, though the initials were not his own".

Guffen tilrår.

Meir Gay på kulturguffebloggen
Provinces of Night (2001)
I Hate to See that Evening Sun Go Down (2002)
Wittgenstein's Lolita (2006)
Twilight (2006)
Time Done Been Won't Be No More (2009)

Little Sister Death (2015)
The Lost Country (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar