27. august 2019

William Gay: The Lost Country (2018)

Då William Gay døydde i 2012 hadde han gjeve ut seks bøker. Dette er den andre posthume utgjevinga hans, og det vert hinta om at det kjem minst éi bok til.

Etterordet fortel om korleis boka vart til. Gay skal ha skrive henne alt i 1970-åra, tjue år før han debuterte som forfattar. Eit års tid før han døydde skal han ha sagt at han ikkje visste kvar manus var. Då familien gjekk gjennom papira hans etter at han var død, fann dei litt her og litt der. Alt var ikkje paginert, men med litt hjelp fekk dei sett det saman.

Det er ei ujamn bok. Hovudpersonen, Billy Edgewater, er på veg austover gjennom staten Tennessee. Far hans ligg for døden, og sjølv om dei ikkje har hatt noko godt forhold har syster hans bede han om å koma heim før det er for seint. Edgewater er ikkje altfor oppteken av det, og tek dei omvegane som byr seg. Han møter mange folk, han drikk mykje, han pular litt, han får bank, han giftar seg, han skil seg frå kona, han er innom eit fengsel, osb. I det heile verkar staten Tennessee som ein stad der alle er kriminelle, halvparten sel heimelaga whisky, og der så godt som ingen er ærlege.

Det heile verkar som eit uferdig manus. I opninga glitrar det, og det verkar som om dette er den delen av romanen som er mest gjennomarbeidd. Utover i boka dukkar det opp for mange bipersonar, nokre av hendingane kunne vore strokne, og flyten i boka er ikkje god. Likevel dukkar det svært opp nokre fabelaktige setningar og dialogar, slik at det ein tenkjer mest på under lesinga er kor god denne boka kunne vorte dersom Gay hadde fått arbeida meir med manus.

Guffen er lunken.

Meir Gay på kulturguffebloggen
The Long Home (1999)
Provinces of Night (2001)
I Hate to See that Evening Sun Go Down (2002)
Wittgenstein's Lolita (2006)
Twilight (2006)
Time Done Been Won't Be No More (2009)

Little Sister Death (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar