12. januar 2014

William Gay: Twilight (2006)

William Gay er formidabel. Denne romanen, den siste han gav ut før han døydde, er på det same høge nivået som dei andre bøkene hans.

Det tek ikkje lang tid før han dreg oss inn i ei fantastisk historie, som rett nok er hakket meir grotesk enn mykje anna. To tenåringar mistenkjer den lokale gravferdsagenten, Fenton Breece, for å ha gravlagt far deira i ei billegare kiste enn den dei betalte dyrt for. Dei grev faren opp att, og får stadfesta mistanken sin. Det er gale nok, men verre er det at liket er mishandla. Faren hadde ikkje noko uavklara med Breece, så dei funderer seg fram til at Breece truleg har gjort det same med andre lik. Dei grev litt til, og får stadesta også denne mistanken. Den eine av dei to, Tyler, bryt seg inn hjå Breece, og finn ei bunke kompromitterande foto av Breece og nokre avkledde lik.

Breece skjønar at han må få tilbake desse fotoa. Han er ikkje i stand til det sjølv, så han hyrar inn Granville Sutter, eit monster av ein mann. Gjennom resten av boka er han i hælane på Tyler.

Sutter minner om Anton Chigurh i No Country For Old Men. Han er lettare gal, vald betyr ingenting for han, og han har ei makelaus evne til å spora opp Tyler. Det går med nokre liv på vegen, men då dei to endeleg møtest, legg Sutter lett skulda på Tyler - hadde ikkje han stukke av, hadde alle dei drepne framleis vore i live.

Boka har som vanleg eit fantastisk språk, med endå betre dialogar enn det eg tidlegare har sett hjå Gay. Det er i det heile ei bok Coen-brørne ville ha kost seg med - det einaste motargumentet måtte vera at ein slik film ville minna for mykje om No Country For Old Men.

Som før - det er trist at Gay venta så lenge med å skriva bøker. Han gav ut tre romanar, ei novellesamling og ei bok med to korte noveller, og det er i tillegg snakk om at det kjem ein posthum roman. Det hadde vore stas å hatt fleire Gay-bøker i vente - no er eg ferdig med heile forfattarskapen hans nesten før eg kom i gang.

Guffen tilrår.

Meir Gay på kulturguffebloggen
The Long Home (1999)
Provinces of Night (2001)
I Hate to See that Evening Sun Go Down (2002)
Wittgenstein's Lolita (2006)
Time Done Been Won't Be No More (2009)
Little Sister Death (2015)
The Lost Country (2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar