24. oktober 2021

Finn Alnæs: Koloss (1963)

 

Ein gong tidleg i 90-åra vart denne romanen filmatisert. Filmen vart slakta i avisene, og då eg såg filmen forstod eg godt at meldarane var lunkne. Slik eg hugsar det var det triste og tunge greier, der svært lite fungerte.

Utan at eg skal prøva å forsvara regissørane må det seiast at det ikkje er den enklaste romanen å laga god film av. I den siste tredelen av boka går hovudpersonen, Brage Bragesson, åleine i ein snøstorm, der han tenkjer mykje på kva han driv med, og kva som eigentleg hende i Amsterdam.

Kortversjonen: Etter å ha arbeidd på eit skip går Bragesson i land i Amsterdam. Han drikk for mykje, og det endar med at han kjem i slagsmål med sju tyskarar. Han drep ein av dei, og sjølv om han hevdar at det var i sjølvforsvar vert han dømd til fengselsstraff. Han slepp ut etter fire år, etter at det kjem fram at det faktisk var i sjølvforsvar, og at han ikkje var åleine om det som hende. Han reiser til Noreg, og dreg til fjells for å leita etter kjærasten Siv, som forsvann under ein skitur medan Bragesson sat i fengsel. Han må i staden hjelpa Bentein Dagestad, som det viser seg at var den mystiske medhjelparen hans i slagsmålet. Det bles opp til ein livsfarleg storm, og her kjem det seigaste partiet i boka: Bragesson slit seg ut, fantaserer, tenkjer tilbake på Siv, frys nesten i hel, men greier å redda Dagestad. Etter å hja amputert nokre fingrar og tær reiser Bragesson tilbake, og finn Siv ihelfrosen.

Den fyrste delen av boka er svært god, men det dabbar kraftig av mot slutten. Boka er velskriven, men det er ikkje nok.

Guffen er lunken.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar