2. mars 2019

Oda Malmin: Steinauge (2018)

Dette var ei uvanleg fin bok. Ho handlar om Randi og Ingeborg, to kvinner frå Jæren. Dei er syskenborn, relativt ulike, men nært knytt til kvarandre. Dei vaks opp på to nabogardar, og i oppveksten hang dei saman heile tida, gjerne saman med Ådne, bror til Ingeborg. Ingeborg overtok garden etter foreldra og har budd der heile livet; Randi har hatt eit litt friare liv.

Boka handlar om kva som bind folk saman, og kva som bind oss saman med landskapet rundt oss. Ingeborg kjenner kvar flekk på garden, og er svært medviten om kvar ho kjem frå. Likevel drøymer ho om noko anna, noko ein annan stad, og ho tenkjer mykje på korleis det kunne vore om Ådne hadde levd lenge til at han hadde teke over garden.

Boka vekslar mellom notida, då dei begge er noko oppe i åra, og minne frå oppveksten deira. Randi har hamna på sjukehus, og Ingeborg vitjar ho ofte. Det kjem fram at Randi i alle år har bore på ein løyndom kva som eigentleg hende då Ådne døydde. Dette uroar Ingeborg, som har trudd at dei to kunne dela alt.

Det er debutboka til Malmin, og ho har ein imponerande autoritet i skrivinga si. Ho fortel ikkje meir enn ho treng, og fortel òg historia på ein finfin måte. Språket er godt, og er lett krydra med jærske ord, der det høver seg.

Guffen tilrår.

Meir Malmin på kulturguffebloggen
Skinliv (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar