20. april 2021

Scott Young: Neil and Me (1984)

 

Eg har av og til litt kontakt med ein Neil Young-kjennar i Førde. Me hadde ein digital samtale om Young-bøker. Han har lese langt fleire enn meg, og eg spurde kva bok han tilrådde. Han nemnde denne, og eg er jo lett å be.

Boka er skriven av far til Neil Young. Han har så godt som heile livet har fri tilgang til sonen, og denne nærleiken gjer at han kan skriva om episodar andre ikkje kjenner. Han spurde sonen om lov før han skreiv boka, og Neil svara at det er jo faren sitt liv òg, og han må jo få skriva om kva han vil.

Scott Young har skrive heile livet, mest for aviser, men òg bøker. Det merkar me fort. Boka er velskriven, og han veit godt korleis han skal byggja opp kapittel og bøker. Han skriv òg om møte og samtalar der ingen andre er til stades, og boka gjev eit godt bilete av Neil Young. Her er mange fine avsnitt og hendingar, som gjerne handlar om tilhøvet mellom far og son, eller som viser kor stolt faren er av det sonen har gjort. Det var han ikkje åleine om, ein av dei finaste episodane er då faren møter nokre gamle journalist-kollegaer i Canada, og der ein av dei andre seier musikken til Neil Young er vel og bra, men det aller finaste han har gjort er å ta seg så godt av son sin. 

Likevel tek det ikkje heilt av, og den siste tredelen av boka var ikkje like flytande som dei to fyrste. Det vart litt for repeterande, og sjølv om det i det store og det heile var bra, må eg nok seia meg usamd med luringen i Førde: Shakey er ei betre bok.

Guffen tilrår.

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Jimmy McDonough: Shakey (2002)
Sam Inglis: Harvest (2003)
Durchholz og Graff: Neil Young. Long May You Run (2010)
Waging Heavy Peace (2012)
Koengen, Bergen (1.8.2014)
Special Deluxe (2014)
Sharry Wilson: Young Neil (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar